Martin Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Martin Islands i Canada.
Martin Islands
øy
Land  Antarktis
Øygruppe Biscoe Islands
Koordinatar 65°37′S 65°22′W / 65.617°S 65.367°W / -65.617; -65.367
Kart
Martin Islands
65°37′00″S 65°22′00″W / 65.61666667°S 65.36666667°W / -65.61666667; -65.36666667
Martin Islands is located in Antarktis
Martin Islands (Antarktis)

Martin Islands er ei øygruppe og skjer som strekkjer seg over 5 nautiske mil (9 km) og som ligg 5 nautiske mil (9 km) aust for nordenden av Île Renaud og 1 nautisk mil (1,9 km) vest for Vieugue Island i Grandidier Channel i Antarktis. Ei øygruppe nord for «Pitt Island» vart grovt kartlagd og kalla Martin Islands etter kaptein Martin i Den argentinske marinen, av Den franske antarktisekspedisjonen, 1903–05, under Charcot. Flyfoto har vist at det ein trudde var ei stor øy kalla Pitt, i røynda er ei gruppe småøyar. Sidan dei ligg i ei gruppe utan noko logisk deling mellom seg, vart det tidlegare namnet Pitt endra til Pitt Islands og nytta om alle øyane nord for Île Renaud. Namnet Martin Islands vart overført til gruppa som no er skildra for å bevare namnet til Charcot i området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Martin Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).