Martin Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Knudsen
Personleg informasjon
Fødselsdato 4. januar 1978 (46 år)
Fødestad Bergen
Høgd 1,80 m
Posisjon Midthbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Staal
Nummer 19
Ungdomsklubbar
Midtbygden
Fyllingen
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997–1999 Viking FK[1] 66 (1)
2000–2006 SK Brann[1] 125 (7)
2007–2009 Tromsø IL[1] 51 (1)
2010– Staal ? (?)
Landslag
1997 Noreg U20[2] 1 (0)
1998–1999 Noreg U21[2] 6 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. november 2007
‡ Landslagsmål oppdatert 27. juni 2006

Martin Knudsen (fødd 4. januar 1978 i Bergen) er ein norsk fotballspelar. Han har spelt for Brann, Tromsø og Staal.

Knudsen debuterte i eliteserien i 1997 då han spelte for Viking FK. Han blei på den tida rekna som ein av dei meir talentfulle spelarane i eliteserien, og fekk med seg 22 eliteseriekampar for Viking den sesongen. I 1998 spelte Knudsen alle seriekampane for Viking. Knudsen markerte seg som ein allsidig spelar som spelte mest på høgresida på midtbanen, men han har i løpet av karrieren òg spelt ein del på dei to backane og som venstrekant.

Etter ein brukbar 1999-sesong gjekk han til Brann, der han raskt etablerte seg som høgrekant. Han spelte òg på det norske U21-landslaget. Men i august 2000 blei Knudsen ramma av salmonella, noko som førte til at det tok nesten eit år før han kom tilbake på fotballbanen. Derfor spelte han berre sporadisk hausten 2001 for Brann.

Sidan 2002 var Knudsen litt inn og ut av Brann-laget, men han fekk likevel med seg dei fleste kampane. Han blei òg i stadig større grad flytta rundt på laget. Då Brann vann cupfinalen i 2004 blei Knudsen kåra til ein av banens beste spelarar.

Knudsen blir rekna som ein taklingssterk og løpssterk spelar, men han har til tider fått kritikk for dårleg pasningsspel.

I yngre år spelte Knudsen for Midtbygden og Fyllingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Eliteserien | bt.no». Fotball.bt.no. Arkivert frå originalen 25. februar 2012. Henta 26. november 2012. 
  2. 2,0 2,1 [1]