Martin Mere
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Martin Mere | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Lancashire |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilknytte land | |
Martin Mere er ein innsjø nær Burscough i Lancashire i England på West Lancashire kystslette. Innsjøen er eit stort myrområde som før det vart drenert var den største ferskvassjøen i England.[1]
Historie [endre]
Martin Mere vart danna ved slutten av den siste istida, då vatn fylte senkingar i terrenget. Sidan den gong har vassnivået falle og stige. I 1692 starta Thomas Fleetwood frå Bank Hall å grave ein kanal for å drenere innsjøen.[2] Det vart gjort vidare forsøk på å drenere innsjøen i 1780-åra, men det var først på midten av 1800-talet at dreneringa starta effektivt ved hjelp av dampdrivne pumper. Gardar og handelsgartneri vart oppretta i det rike, tørrlagte jordsmonnet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Martin Mere» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Martin Mere: Lancashire's Lost Lake, W. G. Hale og Audrey Coney. Liverpool: Liverpool University Press, 2005.
- ↑ http://www.heskethbank.com/history/bulpit/bulpittltn.html