Martin Olsen Nalum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fredrik Anton Martin Olsen Nalum (13. mai 185419. januar 1935) var ein lærar, gardbrukar og Venstre-politikar frå Brunlanes.

Martin Olsen Nalum var fødd på garden Tanum i Brunlanes, faren var gardbrukar og kyrkjesongar. Sjølv vart han utdanna ved Asker seminar der han tok eksamen i 1872. Same året vart han tilsett som lærer i Brunlanes, noko han var heilt fram til og med 1909. I 1881 kjøpte han garden Nalum i Brunlanes og dreiv denne i 49 år. Han var medlem av heradsstyret frå 1883, ordførar 1892-1916. Vidare var han formann i amtsskulestyret og i tilsynsnemnda for jarnbanen, frå 1912 til -22 styremedlem i statsbanene (NSB).

Nalum var 1906-24 stortingsrepresentant for Venstre, vald frå Brunla krins fram til 1918. Periodane 1919-21 og 1922-24 var han vald frå Jarlsberg og Larviks amt. Han var 1906-12 medlem av vegkomiteen, frå 1913 sekretær, nestformann og til sist formann i same. Elles var han mellom anna medlem av valkomiteen 1910-18. Nalum var arbeidsminister 1916-20 i Gunnar Knudsens andre regjering og kyrkje- og undervisningsminister 1921-23 i Otto Albert Blehrs andre regjering.

Nalum døydde i Hedrum.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]