Martin Stokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Martin Stokken (16. januar 192325. mars 1984) frå Snillfjord var ein norsk friidrettsutøvar, langrennsløpar og politimann. Han deltok i fire OL, to sommar-OL (1948 og 1952) og to vinter-OL (1952 og 1956). Stokken budde i Trondheim det meste av sitt vaksne liv, der han også døydde.

Stokkens beste resultat i sommar-OL kom i London i 1948 med fjerdeplass på 10 000 m. Han dominerte langdistansane i friidrett på nasjonalt nivå i perioden 1946-51 og vann heile nitten norske meisterskap på langdistansar og terrengløp. I langrennsløypa vann han fem norske meisterskap, fire på 30-km og eitt på 50-km. Dessutan vann han femmila i Holmenkollen i 1954 og han vann Birkebeinerrennet i 1960. Han tevla for Selsbakk IF.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Stokken debuterte i noregsmeisterskapen 1946 i Bergen. Der fekk han to sølvmedaljar, på høvesvis 5 000 meter og 10 000 meter. I begge løpa måtte han sjå seg slått av Thorvald Wilhelmsen, på 5 000 meteren etter eit spurtoppgjer. Året etter vart han tredobbel noregsmeister, då han under NM i Oslo vann kongepokalen for sin siger i den nye øvinga 3 000 meter hinder på tida 9.28,8. Dessutan vann han både 5 000 m og 10 000 m. Tre norske meisterskap og kongepokal fekk han også med seg frå noregsmeisterskapane 1948 og 1949. I 1948 kom kongepokalen i 3 000 meter hinder, medan han i 1949 fekk pokalen for 5 000-meterløpet på 14.34.6. Også dei tre åra 1950-52, siste gongen vann han på tida 29.54.0, det snøggaste han nokon gong sprang mila på.

Stokken vart i 1947 den første nordmann under 31 minuttar på 10 000 meter. Han braut halvtimesgrensa i 1949, med tida 29.59,6. Berre dei finske løparane Taisto Mäki og Viljo Heino og den legendariske tsjekkiske løparen Emil Zatopek hadde klart dette før han.

Stokken var norsk flaggberar i sommar-OL 1952 i Helsinki.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Sølvmedalje både på 5 000 m og 10 000 m i Bergen
  • 1947: Gullmedalje og kongepokal på 3 000 m hinder og gullmedalje både 5 000 m og 10 000 m i Oslo
  • 1948: Gullmedalje og kongepokal på 3 000 m hinder og gullmedalje både 5 000 m og 10 000 m i Trondheim
  • 1949: Gullmedalje og kongepokal på 5 000 m og gullmedalje på 3 000 m hinder og 10 000 m i Oslo
  • 1950: Gullmedalje på 10 000 m i Bergen
  • 1951: Gullmedalje på 5 000 m og 10 000 m i Oslo
  • 1952: Gullmedalje på 10 000 m i Oslo
  • 1953: Sølvmedalje på 10 000 m i Trondheim

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Frå kringom 1949-50 konsentrerte Stokken seg mest om langrennssporten. Han gjekk fyrsteetappen på laget som tok bronse i VM-stafetten i ski-VM 1950, og han gjekk tredjeetappen på laget som vann sølv på stafetten i OL 1952 i Oslo. Stokken var og med på stafettlaga 1954, 1956 og 1958, som alle gongane vart nummer 4.

Hans beste enkeltrenn i dei internasjonale meisterskapane var fjerdeplassen på femmila under verdsmeisterskapen 1954 i Falun. Han stod då for den beste norske langrennsprestasjonen i meisterskapen, men kom ni sekundar for seint i mål i høve til bronsemannen Arvo Viitanen frå Finland. Elles fekk han to sjetteplassar i vinter-OL, først på 18 kilometer i Oslo i 1952, og så på 15 km i Cortina d'Ampezzo fire år seinare.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1950: Bronsemedalje på 4x10 km stafett under VM i Lake Placid
  • 1951: Nr 10 på 18 km Lahti
  • 1952: Nr 6 på 18 km under OL i Oslo
  • 1954: Vinnar av 50 km i Holmenkollen – nr 4 på 50 km i VM Falun
  • 1956: Nr 6 på 15 km under OL i Cortina d'Ampezzo
  • 1957: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen
  • 1958: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen
  • 1959: Nr 4 på 50 km i Holmenkollen
  • 1960: Nr 9 på 50 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1949: Nr 7 på 50 km
  • 1951: Gullmedalje på 30 km og sølvmedalje på 50 km i Narvik
  • 1952: Sølvmedalje på 18 km i Porsgrunn
  • 1953: Sølvmedalje både på 18 km og 50 km
  • 1954: Gull på 30 km, sølv på 15 km på Kongsvinger, bronse på 50 km i Strinda
  • 1955: Gullmedalje både på 30 km på Voss og på 50 km i Trysil
  • 1957: Gullmedalje på 30 km i Mo i Rana
  • 1958: Nr 4 på 50 km i Oslo
  • 1959: Nr 12 på 15 km på Gjøvik
  • 1960: Nr 11 på 50 km på Fåberg

Han vart tildelt Sportsjournalistenes statuett og Egebergs ærespris i 1949, Morgenbladets Gullmedalje i 1950. I 1954 fekk han Holmenkollmedaljen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]