Martin Tranmæl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Tranmæl

Fødd27. juni 1879
Melhus kommune
Død1. juli 1967 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør, journalist
Utdanna vedTredje Internasjonalen
Alle verv

Martin Tranmæl (27. juni 18791. juli 1967) var ein norsk politikar som stod sentralt i norsk arbeidarrørsle i heile første halvdelen av førre hundreåret.

Tranmæl var bondeson frå Melhus i Sør-Trøndelag. Han arbeidde som målar og bygningsarbeidar, og var aktiv i Det norske Arbeidarpartiet frå hundreårsskiftet, berre avbrote av to korte opphald i USA. I USA arbeidde han som målar, og sjølv om han var medlem av den reformistiske American Federation of Labor, deltok han ved den første kongressen til Industrial Workers of the World. Seinare var han indspirert av deira syndikalistiske idear om generalstreik, autonomi og arbeidarmakt.[1]

Han tok til å arbeide som journalist i den trønderske arbeidaravisa Ny Tid, der han var fast redaktør frå 1913 til 1918. Tranmæl var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet frå 1906 til 1918, i sentralstyret frå 1918 til 1963. Frå 1921 til 1949 var han redaktør av hovudorganet til partiet, Social-Demokraten, sidan Arbeiderbladet, den noverande Dagsavisen. Han var også medlem av LO-sekretariatet mesteparten av tida i perioden 1920 til 1946.

Tranmæl blei landskjend da han stod i brodden for den radikale, halvveges syndikalistisk prega Fagopposisjonen av 1911, som bidrog mykje til at venstrefløya fekk fleirtal i Arbeidarpartiet i 1918. Partiet erklærte seg da som revolusjonært, og året etter gjekk det inn i den Tredje Internasjonalen (Komintern). Også dei 21 opptaksvilkåra som blei kalla Moskvatesene blei godtatt av partiet og av Tranmæl, som no var i ferd med å bli Arbeidarpartiet sin mektigaste politikar, sjølv om han ikkje var formell leiar. I 1921 braut den sosialdemokratiske opposisjonen ut av partiet på grunn av dette, og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, med mellom andre Olav Oksvik som sentral person. Men Tranmæl var sjølv i ferd med å bli skeptisk til Komintern, og i november 1923 melde fleirtalet i DNA, med Tranmæl i brodden, seg ut av organisasjonen. Dei som ønskte å bli verande som seksjon av Komintern, danna da Norges Kommunistiske Parti. Men Arbeidarpartiet rekna seg framleis som sympatiserande organisasjon, og som eit kommunistisk parti. Tranmæl si rolle i DNA var så sentral at partiet av andre blei kalla «Tranmælpartiet» og medlemmene «tranmælittar».

DNA og NSA blei samla etter press frå LO i 1927, og på 1930-talet forsvarte Tranmæl i Arbeiderbladet ei parlamentarisk og reformistisk politisk linje som skilte seg kraftig frå den han hadde stått for før, men som førte til regjeringsmakt for Arbeidarpartiet under statsminister Johan Nygaardsvold.

Under krigen oppheldt Tranmæl seg i Stockholm, der han arbeidde i LO-sekretariatet.

I etterkrigstida fekk Tranmæl ei mindre dominerande rolle i partiet, men hadde framleis ein viss innverknad, både direkte og indirekte. Han, som hadde vore revolusjonær, var no blant anna ein sterk tilhengar av medlemskap i NATO, medan meir moderate sosialistar som Nygaardsvold og Oksvik var mykje meir skeptiske.

Tranmæl var ugift, og bruka all tida si på rørsla. Han var ein intens talar, og utvikla som avismann ein særeigen korthogd skrivestil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Claesson, Alf: Syndikalism förr och nu, Federativs förlag, 1981, s. ss. 24–25.. ISBN ISBN 91-85016-77-2.