Martinique

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martinique
   
Martinique sitt flagg
 
Martinique sitt flagg  
Martinique på verdskartet
Status Fransk oversjøisk département
President i regionsrådet Alfred Marie-Jeanne
Hovudstad Fort-de-France
Offisielt språk Fransk
Areal

- % vatn

1128 km²

ubetydelig

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 432 900 (2005)
ca. 384/km²

Verdsdel Sør-Amerika (Karibia)
Internet-domene .mq
Tidssone UTC -4
Internasjonal telefonkode +596
Nasjonalsong


Martinique er ei øy i Antillane i det karibiske havet og eit fransk oversjøisk département. Øya ligg om lag 450 nordaust frå den søramerikanske kysten og 700 km søraust frå Den dominikanske republikken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Karibane var urfolk som budde på øya fram til 1660, då dei blei utviste av franske styrker som hadde okkupert øya i 1660. Etter dette har Martinique vore ei franskstyrt øy befolka av franskmenn og kreolar, bortsett frå tre korte periodar med framand okkupasjon. Martinique var ein fransk koloni fram til 1946, då ho fekk status som oversjøisk département («fylke»).

Franskmennene grunnla mange plantasjar på øya, der dei med hjelp av slavearbeid dyrka mellom anna sukkerrøyr, kaffi og kakao og produserte rom. Slaveriet blei avskaffa i 1848. Avgjerda, som kom frå Paris, skulle gjelda frå 27. april det året, men då slavane fekk høyra om det gjorde dei opprør slik at frigjeringa kom allereie 23. april.

Den 8. mai 1902 hadde vulkanen Pelée eit stort utbrot som øydela byen St. Pierre. Over 30.000 blei drepne, den einaste innbyggjaren som overlevde var den fengsla Ludger Sylbaris, som blei verna av dei tjukke veggene i cella si.

Kultur og kjende folk tilknytta Martinique[endre | endre wikiteksten]

Landskap på Martinique måla av Paul Gauguin i 1887.

Martinique er kjend som den intellektuelle øya blant Antillane. Ei rekke viktige forfattarar har kome derfrå, og mange kunstnarar har funne inspirasjon på øya. Martinique er òg opphavsstaden til musikkstilen zouk, som utvikla seg på 1980-talet.

Øya har mellom anna fostra forfattarane Aimé Césaire, René Maran, Édouard Glissant, Raphaël Confiant og Patrick Chamoiseau. Målaren Paul Gauguin og forfattarane Jean-Baptiste Labat (Père Labat), Lafcadio Hearn, André Breton, Saint-John Perse har vitja henne.

Joséphine de Beauharnais som seinare gifta seg med Napoleon Bonaparte og blei keisarinne av Frankrike blei fødd på øya i 1763. Foreldra hennar var plantasjeeigarar.


Flagget til Frankrike Departement i Frankrike Flagget til Frankrike

Fastlands-Frankrike:
01 Ain
02 Aisne
03 Allier
04 Alpes-de-Haute-Provence
05 Hautes-Alpes
06 Alpes-Maritimes
07 Ardèche
08 Ardennes
09 Ariège
10 Aube
11 Aude
12 Aveyron
13 Bouches-du-Rhône
14 Calvados
15 Cantal
16 Charente
17 Charente-Maritime
18 Cher
19 Corrèze
2A Corse-du-Sud
2B Haute-Corse

21 Côte-d'Or
22 Côtes-d'Armor
23 Creuse
24 Dordogne
25 Doubs
26 Drôme
27 Eure
28 Eure-et-Loir
29 Finistère
30 Gard
31 Haute-Garonne
32 Gers
33 Gironde
34 Hérault
35 Ille-et-Vilaine
36 Indre
37 Indre-et-Loire
38 Isère
39 Jura
40 Landes
41 Loir-et-Cher
42 Loire

43 Haute-Loire
44 Loire-Atlantique
45 Loiret
46 Lot
47 Lot-et-Garonne
48 Lozère
49 Maine-et-Loire
50 Manche
51 Marne
52 Haute-Marne
53 Mayenne
54 Meurthe-et-Moselle
55 Meuse
56 Morbihan
57 Moselle
58 Nièvre
59 Nord
60 Oise
61 Orne
62 Pas-de-Calais
63 Puy-de-Dôme
64 Pyrénées-Atlantiques

65 Hautes-Pyrénées
66 Pyrénées-Orientales
67 Bas-Rhin
68 Haut-Rhin
69 Rhône
70 Haute-Saône
71 Saône-et-Loire
72 Sarthe
73 Savoie
74 Haute-Savoie
75 Paris
76 Seine-Maritime
77 Seine-et-Marne
78 Yvelines
79 Deux-Sèvres
80 Somme
81 Tarn
82 Tarn-et-Garonne
83 Var
84 Vaucluse
85 Vendée
86 Vienne

87 Haute-Vienne
88 Vosges
89 Yonne
90 Territoire de Belfort
91 Essonne
92 Hauts-de-Seine
93 Seine-Saint-Denis
94 Val-de-Marne
95 Val-d'Oise

Oversjøiske departement:
971 Guadeloupe
972 Martinique
973 Guyane
974 Réunion
976 Mayotte

Collectivités d'outre mer:
975 Saint-Pierre-et-Miquelon (collectivité territoriale)
977 Saint-Barthélemy (collectivité territoriale)
978 Saint-Martin (collectivité territoriale)
986 Wallis-et-Futuna
987 Fransk Polynesia (pays d'outre-mer)
988 Nouvelle-Calédonie (collectivité sui generis)