Martyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henryk Siemiradzki-måleriet Kristendomsfaklane frå 1876 framstiller den romerske keisaren Nero si brutale behandling av dei kristne.
Martyren Sankt Quirico framstilt i bokminiatyr frå Barcelona1100-talet.
Krossfestinga av Apostelen Peter under keisar Nero er her måla av Caravaggio (1573–1610).
Martyren Sankt Filip framstilt av José de Ribera i 1639.

Martyr (frå gresk μάρτυς, 'vitne') er ein person som gjev livet sitt for den religiøse trua si eller for ei spesiell sak. Historisk er omgrepet særleg knytt til kristendommen, spesielt til forfølgingane i romersk tid og under misjonsarbeidet seinare, men også i andre religionar er martyromgrepet viktig.

Kristendom[endre | endre wikiteksten]

Martyriet er nemnt i Apostelgjerningane, der steininga av St. Stefan (som tradisjonelt vert kalla proto-martyren i kyrkja) vert skildra.

I romersk tid vart kristne ofte forfølgde for trua si. Dei romerske styresmaktene aksepterte at dei dyrka ein annan gud, men tillét ikkje at dei berre dyrka sin gud. De måtte også dyrke dei heidenske gudane, og i fleire tilfelle vart ulukker og naturkatastrofar tilskrivne dei kristne sin motvilje mot å ofre til gudane. Det vart difor kravd at kristne måtte vise lojaliteten sin ved å ofre til ein heidensk guddom; svært ofte til biletet av keisaren. Mange valde å ikkje gjere dette, noko som førde til dødsstraff. Straffa vart gjerne fullbyrda på spesielt smertefulle måtar, som krossfesting eller å verte kasta til ville dyr. Oldkyrkja stilde svært strenge krav til kristne, og det føregjekk lenge ein debatt om kva ein skulle gjere med dei som fall frå når dei vart stilde overfor valet mellom å utføre ei heidensk ofring eller å døy. Etter kvart kom ein til at det rette var å ta dei tilbake i kyrkja, men dei måtte gjere streng bot.

I misjonstida som følgde samanbrotet til Romarriket i vest leid også mange misjonærar martyrdøden under forsøka sine på å spreie kristendommen.

I moderne tid har kristne martyrium ofte vorte knytte til politiske hendingar, som til dømes prestar og nonner som har vorte drepne i Latin-Amerika fordi dei har tala indianarane og dei fattige si sak. Det finst inga sikker oversikt over kor mange kristne som vert drepne under omstende som gjer at dei vert rekna som martyrar.

Katolsk og ortodoks syn på martyrium[endre | endre wikiteksten]

I dei kyrkjene som praktiserer helgenkult vert martyrane rekna som ein spesiell kategori. I Den katolske kyrkja er det ein spesiell prosess for heilagkåring av martyrar; mellom anna kan kravet til dokumenterte mirakel falle vekk, men ein må likevel gjennom ein prosess for å avgjere om det verkeleg er eit martyrium eller om det ligg andre grunnar bak dødsfallet.

Intra-kristne martyrar[endre | endre wikiteksten]

Til tider har ulike kristne grupper undertrykt kvarandre med makt, og også dei som vart drepne i slike samanhengar vert ofte rekna som martyrar. Dei vert då ikkje sedde på som forsvararar av trua mot ein ytre fiende, men som forsvararar av det kyrkja deira oppfattar som den sanne trua. Eit tydeleg døme på dette finn ein i samband med reformasjonen i England, der både katolikkar og protestantar vart forfølgde under dei ulike regentane. Begge reknar dei som vart brende i denne perioden som martyrar.

Slike martyrium har ein heilt spesiell plass hjå anabaptistar og mormonarar, som reknar røtene sine tilbake til martyria i det 16. og 17. hundreåret. Blant mennonittar og amish vert boka Martyrenes speil med forteljingar om desse martyrane lesen i mange heimar.

I Noreg kjenner ein til at to bønder vart brende i 1555 fordi dei oppfordra til å minnast Jomfru Marialaurdagane, noko som er ein katolsk tradisjon.

Norske martyrar[endre | endre wikiteksten]

Nestekjærleiksmartyrar[endre | endre wikiteksten]

Enkelte menneske har vorte kalla nestekjærleiksmartyrar, fordi dei ofra liv og helse for andre menneske som følgje av trua si. Mellom dei mest framtredande i denne kategorien er jesuittnovisen Aloysius Gonzaga, som døydde 23 år gammal etter å ha vorte smitta under arbeid med pestsjuke.

Islam[endre | endre wikiteksten]

I islam er martyromgrepet i moderne tid ofte knytt til fundamentalistiske grupper. Det vert mange gonger brukt i politisk samanheng, til dømes i samband med sjølvmordsbombarar. Det klassiske, islamske martyriet er døden i krig mot vantru, og dette spela ei stor rolle i krosstogstida. Ein martyr er ifølgje Koranen garantert ein plass i Paradiset, og dette skulle auke moralen i troppane. Dette tydde at mange var villige til å risikere livet i krigen.

Levande martyrar[endre | endre wikiteksten]

Ordet martyr vert også ofte brukt om personar som ofrar mykje, utan at dei nødvendigvis vert drepne. Dette kan til dømes vere personar som vel å gå i fengsel for trua eller meininga si. Denne bruken vert av mange sett på som uheldig; sjølv om det kan vere snakk om eit stort offer, er det ein skilnad mellom å setje seg i eller verte sett i ein reversibel situasjon og å ofre livet.

Politiske martyrar[endre | endre wikiteksten]

Borgarrettsforkjemparen og presten Martin Luther King jr. vart drepen i 1968 som ein moderne martyr.

I politisk samanheng vert omgrepet særleg brukt om personar som vart myrda grunna meininga si, som til dømes Martin Luther King jr. og Steve Biko. Det vert også brukt i tilfelle der det individuelle martyriet ikkje kjem så klart fram, som til dømes personar som vert drepne under demonstrasjonar.

Nokre gonger kan det vere ei overlapping mellom det religiøse og det politiske aspektet – Martin Luther King var både ein religiøs leiar og ein politisk leiar, og det kan argumenteres for at han gjorde dei politiske vala sine på grunn av den religiøse ståstaden sin. Eit anna døme på dette er Óscar Romero, erkebiskop i El Salvador, som vart myrda medan han feira messe, men av politiske årsaker. Den katolske kyrkja har ikkje eintydig definert han som martyr, fordi det ikkje var grunna trua si han vart drepen, men grunna den politiske aktiviteten sin.

Verdslege martyrar[endre | endre wikiteksten]

I ein del tilfelle vert også personar som ikkje vart drepne som følgje av eit medvite val om noko omtala som martyrar. Dette kan til dømes vere terroroffer, eller soldatar som døyr i krig. Særleg i USA har det vore vanleg at politikarar omtalar falne soldatar som martyrar, underforstått at dei ofra seg for dei verdiane landet står for.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]