Mary Hopkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Hopkin

Fødd3. mai 1950 (73 år)
FødestadYstradgynlais, Pontardawe
FødenamnMary Hopkin
OpphavPontardawe i Wales
Aktiv1968 til i dag
SjangerFolk
InstrumentVokal, gitar, piano
Stemmetypesopran
Tilknytte artistarPaul McCartney, Tony Visconti, David Bowie, Ralph McTell, Benny Gallagher,
PlateselskapApple, Manticore, Mary Hopkin Music
Verka somSongar, låtskrivar
Gift medTony Visconti
BornJessica Lee Morgan

Mary Hopkin (fødd 3. mai 1950) er ein walisisk songar, mest kjend for listetopparen «Those Were the Days», produsert av Paul McCartney.

Hopkin vart fødd i Pontardawe i Wales, og snakka walisisk då ho voks opp. I heimbyen starta ho ein lokal karriere som folkemusikksongar før ho vart «oppdaga» av Twiggy og vart ein av dei første artistane til å få kontrakt på The Beatles sitt nyoppretta plateselskap Apple Records.

Singlen hennar «Those Were The Days», ein gammal folkesong, vart produsert av Paul McCartney og sloppen i Storbritannia den 30. august 1968 (med katalognummer «APPLE 2»). Trass i konkurranse frå artisten Sandie Shaw, som òg gav ut denne songen som singel, nådde Hopkin sin versjon førsteplassen i Storbritannia og andreplassen i USA.

Den 21. februar 1969 kom debutalbumet hennar Postcard ut, igjen produsert av McCartney. Det hadde tre coverversjonar av Donovan sine songar, som spelte på albumet: «Lord Of The Reedy River», «Happiness Runs» og «Voyage of the Moon», I tillegg òg ein song frå George Martin. McCartney takka for hjelpa ved å spele tamburin og kore på den neste singelen til Donovan, den anemiske «Atlantis» som vart sloppe seint i november og nådde 23. plass.

Den neste singelen til Hopkin var «Goodbye», ein Lennon-McCartney-song som eigentleg var skriven av McCartney åleine. Singelen vart utgjeven 28. mars 1969 («APPLE 10»), og nådde ein andreplass. Songen var òg utgjeve med på plata med filmmusikken til Blade Runner. «Goodbye» vart aldri offisielt utgjeven av The Beatles, men ein demoversjon finst på einskilde Beatles-piratplater.

Hopkin representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 1970 der ho song «Knock Knock, Who's There» som oppnådde andreplass, akkurat slått av «All Kinds of Everything» ved irske Dana. Som singel («APPLE 26») nådde Hopkin-songen andreplass i Storbritannia.

Etter å ha gifta seg med plateprodusent Tony Visconti i 1971 trekte Mary Hopkin seg tilbake frå musikkindustrien for å konsentrere seg om familien sin. Ho kora på «Sound and Vision» på David Bowie-albumet Low i 1977. Ho vart skild frå Visconti i 1981.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(LP-ar og CD-ar)

  • Post Card Apple Records (1969)
  • Earth song / Ocean song Apple Records (1970)
  • Those Were The Days Apple Records (1970)
  • The Welsh World of Mary Hopkin Decca (1970)
  • Spirit Trax (1989)
  • Live At The Festival Hall MHM 1972 (2005)
  • y caneuon cynnar Sain (Recordiau) 1968 (1996)
  • Valentine MHM 1973/1983 (2007)
  • Recollections MHM 1973/1983 (2008)
  • Christmas songs MHM 1972 (2008)
  • Now and Then MHM 1973/1983 (2009)
  • Blodeugerdd: Song of the Flowers - An Anthology of Welsh Music and Song (samlealbum) (2009)
  • You look familiar med Morgan Visconti (2010)

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

  • «Where's Jack?» og «Last Moments» på Where's Jack, filmmusikk (1969)
  • «For All My Days» på Kidnapped, filmmusikk (1969)
  • «Beyond The Fields We Know» på The King of Elfland's daughter med Bob Johnson, Pete Knight og fleire (1977)
  • «Rachel's song» på Blade Runner, filmmusikk (1982)
  • «Under Milk Wood» med Freddie Jones (1988)
  • To songar på Norwegian Wood R.A.M. Pietsch (1988)
  • «Evolution» og «The Circle» på The Collector av Marc Cerrone (1988)
  • Éin song på Back to Bach av Julian Colbeck, E.G. Records (1992)
  • «Love Belongs Right Here» på Black and White med Brian Willoughby (1998)
  • «Those Were The Days» med Dolly Parton (2005)
  • «I Am not» med Jessica Lee Morgan, dotter hennar (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]