Maryna Arzamasava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maryna Arzamasava


Statsborgarskap Belarus
Fødd 17. desember 1987 (36 år)
Minsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, VM i friidrett innendørs 2014, Kontinentalcupen i friidrett 2014, EM i friidrett 2012, EM i friidrett 2014, EM i friidrett innendørs 2013, Friidrett under Sommar-OL 2016

Maryna Arzamasava (fødd Katovitsj17. desember 1987) er ein kviterussisk friidrettsutøvar frå Minsk som tevla på mellomdistansane. Ho vart europameister på 800 meter i 2014, og tok bronse på same distansen under det førre EM i 2012. Ravilja Agletdinova Katovitsj var mor hennar.

Arzamasava hadde lite og inkje å vise til før 2012-sesongen. Under friidretts-EM i Helsingfors vart ho nummer tre på 800 m med tida 2.01,02, nøyaktig eit halvt sekund etter vinnaren, britiske Lynsey Sharp. To år seinare revansjerte Arzamasava seg ved EM i friidrett 2014 i Zürich. I finalen på 800 meter vann ho på ny personleg rekord, 1.58,15, Sharp kom i mål til sølvmedalje på 1.58,82.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]