Maryse Condé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maryse Condé

Maryse Condé (fødd 11. februar 1937) er ein franskspråkleg forfattar frå Guadeloupe. Ho er særleg kjend for å skriva historiske romanar som tek opp kjønn, rase og kulturelle konfliktar.

Ho blei fødd som Maryse Boucolon, den yngste av åtte, i Pointe-à-Pitre på Guadeloupe. I 1953 sende foreldra henne til Paris for å studera ved Lycée Fénéleon og Sorbonne-universitetet, der ho gjekk ut med ei grad i engelsk.

Maryse gifta seg med skodespelaren Mamadou Condé frå Guinea i 1959. Dei flytta til Vest-Afrika, ho underviste i Elfenbeinskysten i eitt år før dei busette seg i heimlandet hans og fekk fire ungar. Maryse skilde seg frå Mamadou og flytta til Ghana og Senegal før ho drog tilbake til Europa etter tolv år i Afrika.

Etter ei tid i London som produsent for BBC Radio drog ho tilbake til Sorbonne der ho tok doktorgrad i karibisk litteratur i 1975 med eit studie av stereotypiske framstillingar av svarte (Stéréotypes du noir dans la littérature antillaise).

Condé underviste på ulike universitet og gifta seg etter kvart med Richard Philcox, den engelske omsetjaren av dei fleste bøkene hennar. Etter sin fjerde roman drog ho tilbake til Guadeloupe, som ho framleis vitjar med jamne mellomrom, før ho flytta til USA der ho i dag underviser ved Columbia University.

Condé byrja forfattargjerninga sin med skodespel, men er blitt best kjend for romanane sine, kanskje særleg Ségou, sett i det afrikanske kongedømet Bambara på veg inn i kolonitida, og Moi, Tituba, sorcière noire de Salem, frå slaveritida i Karibia og USA. Ho har òg skrive noveller, barnebøker, artiklar og eit memoar, og redigert talrike antologiar.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Hérémakhonon. Paris: Union générale d'édition, 1976.
  • Une Saison à Rihata. Paris: Robert Laffont, 1981.
  • Ségou: Les Murailles de terre. Paris: Robert Laffont, 1984.
  • Ségou II: La Terre en miettes. Paris: Robert Laffont, 1985.
  • Pays mêlé, suivi de Nanna-ya. Paris: Hatier, 1985.
  • Moi, Tituba, sorcière noire de Salem. Paris: Mercure de France, 1986.
  • La Vie scélérate. Paris: Seghers, 1987.
  • Traversée de la Mangrove. Paris: Mercure de France, 1989.
  • Les Derniers Rois Mages. Paris: Mercure, 1992.
  • La Colonie du Nouveau Monde. Paris: Laffont, 1993.
  • La Migration des coeurs. Paris: Laffont, 1995.
  • Desirada. Paris: Laffont, 1997.
  • Le Coeur à rire et à pleurer, contes vrais de mon enfance. Paris: Laffont, 1999.
  • Célanire cou-coupé. Paris: Laffont, 2000.
  • La Belle Créole. Paris: Mercure, 2001.
  • Histoire de la femme cannibale. Paris: Mercure, 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Ile en île - kort biografi (fransk) og komplett verkliste