Maser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein hydrogen radiofrekvensutladning, det første elementet inne i ein maser.

Maser (akronym for Microwave Amplification by Stimulation Emission of Radiation eller 'mikrobølgjeforsterking ved stimulert emisjon av stråling') er eit apparat som sender ut elektromagnetisk stråling i mikrobølgjespekteret. Ein laser er ein optisk maser, som sender ut elektromagnetisk stråling i det synlege spekteret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det fundamentale prinsippet i ein maser og laser er stimulert emisjon, som første gong vart skildra av Albert Einstein i 1917.

Nicolay G. Basov og Aleksandr Prokhorov ved Lebedev-instituttet i Moskva arbeidde med prinsippa bak ein maser, og publiserte arbeidet sitt på ein konferanse i det russiske forskarmiljøet i 1952. Dei skreiv om resultata internasjonalt i 1954. Charles H Townes ved Columbia University i New York var den første som bygde ein maser i 1953. Alle desse tre delte Nobelprisen i fysikk i 1964 for arbeidet sitt i kvantefysikken. Charles H Townes arbeidde vidare med prinsippet bak ein optisk maser (seinare kalla laser).

Science fiction[endre | endre wikiteksten]

I litteratur og filmar innan sjangeren science fiction opptrer ofte maser som våpen. Men inntil vidare er det ingen indikasjon på at ein maser nokon gong kan bli så kraftfulle at dei kan nyttast som våpen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]