Masi kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°26′36″N 23°39′54″E

Masi kyrkje
Masi kirke.JPG
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Nord-Hålogaland
Prosti:  Indre Finnmark
Fellesråd:  Kautokeino
Sokn:  Kautokeino
Innvigd:  1965
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Rolf Harlew Jensen
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  150

Masi kyrkje er ei langkyrkje frå 1965 i Kautokeino kommune i Finnmark fylke.

Byggverket er i tre og er bygd med 150 plassar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste kapellet vart reist på 1600-talet av svenskane og den neste kyrkja vart oppført i 1721 av Thomas von Westen. Ho stod til 1768, i mellomtida var territorialspørsmålet avgjort ved grensetraktaten i 1751. I 1944 brente tyske styrkar ned den kyrkja som vart vigsla av biskop Eivind Berggrav i 1931. Dagens kyrkje vart oppført i 1965. Dei første planane for altautbygginga skisserte å demme ned heile Masi, inkludert kyrkja.

Inntil 1751 stod svenske prestar for tenestene i kyrkja. Gudstenestene vert no forretta både på samisk og norsk.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Masi kyrkje er eit kulturminne og har nummer 84405 i Riksantikvarens kulturminnebase.