Maskaraisfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maskaraisfugl
Maskaraisfuglhann
Maskaraisfuglhann
Maskaraisfuglhoe
Maskaraisfuglhoe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Underorden: Alcedines
Familie: Isfuglfamilien Alcedinidae
Underfamilie: Halcyoninae
Slekt: Todiramphus
Art: Maskaraisfugl T. sanctus
Vitskapleg namn
Todiramphus sanctus

Maskaraisfugl (Todiramphus sanctus), maori kotare, er ein mellomstor isfugl som lever i mangroveskog, skog og elvedalar i Australia, på New Zealand og andre øyar i Det vestlege Stillehavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Maskaraisfuglen er ca. 24 cm lang, og veg 65 gram, fjørdrakta har overside i djup turkis, undersida i lys, gulbrun farge.[1] Han har ein kvit krage rundt nakken og ned mot ryggen. Kjønna er like, men hofuglar er vanlegvis i litt avdempa farger. Juvenile har rustbrune kantar på kragen og på undersida.

Utbreiing og trekk[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet er i Australia, på New Zealand, Lord Howe Island, Norfolkøya, Ny-Guinea, austlege Indonesia, mykje av det nordlege og vestlege Melanesia og Kermadec Islands. Denne arten hekkar over store delar av Australia utanom det tørre innlandet, New Zealand, Ny-Caledonia og lokalt på Ny-Guinea. Populasjonar i dei sørlege to tredjedelar av Australia trekker nordover i slutten av hekkesesongen til Ny-Guinea, aust til Dei austlege Salomonøyane og vest til Indonesia, men trekker i mindre mengder så langt vest som Sumatra. Fuglane trekker sørover igjen til Australia i august til september. Dei har òg vore observert som streiffuglar på Christmas Island i Indiahavet,[2] Malaysia, Marshalløyane, Mikronesiaføderasjonen og Nauru.

I Australia, lever dei i skog som til dømes eukalyptusskogar og tetreskogar. Underarten på New Zealand, T. Sanctus vagans gjer trekk mellom ulike høgdnivå, før hekkinga gjer dei rørsler frå større høgder ned til kysten og frå skog til kyst og opne landområde.

Anna åtferd[endre | endre wikiteksten]

Føda til maskaraisfuglar er insekt, små krepsdyr, fisk, smågnagarar og krypdyr, mus og småfuglar slik som gråbrystbrillefuglar.[1] Vanlegvis vil ein fugl sitje på ei låg grein og vente på at eit byttedyr skal passere. Han kastar seg ned for å hente byttet og returnerer så til greina si for å ete, mykje likt ein hauk.

Når eit par fuglar har para seg, vil begge medlemmene av paret grave ut reirplassen, vanlegvis ei hòle i ein elvebank eller i rotne trestammar, reiret blir lagt i eit kammer innanfor ein kort kanal. Hoa legg rundt fem egg, og begge fuglane rugar egga og tar vare på ungane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Sacred Kingfisher» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2012.
  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heather og Robertson, 2005
  2. Reville, Barry J. (1993). A Visitor's Guide to the Birds of Christmas Island, Indian Ocean (2nd utg.). Christmas Island Natural History Association. ISBN 0-9591210-4-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maskaraisfugl