Maskinpistol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sovjetisk Sjpagina maskinpistol frå andre verdskrigen

Ein maskinpistol er eit handhalde automatvåpen, som kombinerer den automatiske avfyringa frå eit maskingevær med ammunisjonen frå ein pistol og er typisk mellom desse to i vekt og storleik. Dei første eksperimenta med denne typen våpen gjekk føre seg i starten av 1900-talet, men det var først sist i første verdskrigen at dei første rettelege maskinpistolane dukka opp.

Somme maskinpistolar kan skyte både enkeltskot og skotseriar, såleis mellom andre den moderne MP5. Andre er uråd å skyte enkeltskot med, dei kan berre brukast heilautomatisk. Når ein skyt heilautomatisk, er det best å skyte korte byer på 3-4 skot om gongen, da rekylen gjer at siktepunktet vil bli endra for kvart skot, slik at det berre er dei første par-tre skota som treffer målet uansett.

Blant dei mest kjende typane frå før andre verdskrigen kan ein nemne den amerikanske maskinpistolen Thompson, som er velkjend frå gangsterfilmar under kjelenamnet Tommy-gun. Han vart òg bruka under og etter første verdskrigen. Under andre verdskrigen kom den tyske maskinpistolen Schmeisser, den sovjetiske maskinpistolen Sjpagina og den britiske Stengun, som blant anna vart gitt til norsk og dansk motstandsrørsle i flydropp.

I nyare tid er det særleg Uzi frå Israel og MP5 frå Tyskland som har vekt oppsikt, og sistnemnde er blant anna bruka av norsk politi og forsvar.

Kjelde: I hovudsak dansk wikipedia, art. med same namnet.