Maskinpistolen MP5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
MP5 maskinpistol

MP5 er ein maskinpistol frå den tyske fabrikanten Heckler und Koch. Han skyt 9×19mm Parabellum-ammunisjon, og har magasin for 15 og 30 patronar.

Våpenet er tilgjengeleg med både fast kolbe, faldekolbe og skuvkolbe.

MP5 blir rekna som eit særs nøyaktig våpen, som det òg er lett å lære seg å meistre. Det er svært liten rekyl når ein skyt med dette våpenet, om ein ikkje skyt heilautomatisk. Det er fire moglege skytemåtar: Enkeltskot, dobbeltskot, tre skot eller heilautomatisk. Kva alternativ som er tilgjengelege varierer mellom dei ulike modellane. Den som blir bruka i det norske Heimevernet har to måtar, enkeltskot og heilautomatisk.

Opphavleg heitte våpenet HK54, og det fekk namnet MP5 etter at den tyske hæren tok den i bruk som «Maschinenpistole 5» i 1966. Det har sidan vorte teke i bruk av militær- og politistyrkar i ei rekkje land, mellom dei Noreg.

MP5 finst i mange ulike varianter, blant anna desse som er i bruk i det norske forsvaret: MP5A2 (med fast kolbe) og MP5A3 (med skuv-kolbe).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak bokmålswikipediaen, art. MP-5.