Maskinpistolen PPD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maskinpistolen PPD vart utvikla i Sovjetunionen av Vasilij Degtyarjov. Han var i stor grad ei etterlikning av den tyske Bergmann MP28, men skulle bruke den nye sovjetiske pistolpatronen 7.62x25mm Tokarev.

PPD bruka eit stort trommemagasin kopiert frå den finske M31 Suomi, men kunne òg bruke eit vanleg boksmagasin.

PPD vart teken i bruk av Den raude armeen i 1935 som PPD-34. I 1938 og 1940 vart han litt endra, slik at vi får type-nemningane PPD-34/38 og PPD-40. Men PPD var for komplisert og dyr å produsere i store tal, og vart under krigen erstatta av PPSh-41, som var både betre og billegare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]