Maskinpistolen Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maskinpistolen Thompson

Thompson, eigentleg M1, er ein amerikansk maskinpistol. Det fulle offisielle namnet i amerikansk teneste var Submachine Gun, Calibre .45ACP, M1 (Thompson). Kaliber .45 ACP ("Automatic Colt Pistol") er det same som 11,25mm, og den same ammunisjonen som i tenestepistolen Colt 1911.

Våpenet vart verdskjent under forbodstida (primært som gangstervåpen), under namnet Tommygun. Produsenten hadde klart å få det likestilt med pistolar og rifler, og våpenet kunne dermed i stor grad kjøpast i kva jarnvareforretning som helst i USA. Maskinpistolar generelt før, under og lenge etter andre verdskrigen fekk dermed tilnamnet tommygun.

Maskinpistolar generelt oppstod som eit behov frå første verdskrigen, da det kom fram at infanteriet trong eit handhalde våpen med rask skot-takt i skyttargravskrigen. Dei første maskinpistolane vart produserte og leverte heilt på slutten av første verdskrigen, det gjeld òg forløparen til Thompson M1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]