Masseeining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Masseiningar er ei måleining som vert nytta for for å avgjere massen til lekamar. I SI-systemet er måleininga for masse kilogram, som er definert som massen av den internasjonale kilogramnormalen. Ein måler som regel massen til ein lekam ved å vege han, anten ved å samanlikne tyngda av lekamen med tyngda av eit eit lodd med kjend masse, eller ved å nytte ei vekt som på førehand er kalibrert ved hjelp av slike lodd. Når ein nyttar ei vekt er det i røynda tyngda og ikkje massen som blir målt, så massekalibreringa er difor berre gyldig for ein særskild stad eller for stader med same tyngdeakselerasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 7. desember). Masseenhet. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/masseenhet.