Massif de la Hotte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 18°22′59″N 74°1′32″W

Massif de la Hotte (Haiti)
Massif de la Hotte
Massif de la Hotte avmerkt på Haiti-kartet

Massif de la Hotte er ei fjellkjede sørvest i Haiti som ligg i den vestlege enden av Tiburonhalvøya. Området er relativt fjerntliggjande, og det er eit av dei mest biologisk mangfaldige og viktige områda på Hispaniola. På fjelltoppane finn ein også nokre av dei siste tette tåkeskogane på Haiti. For om lag 2,5 millionar år sidan vart Massif de la Hotte skild frå resten av landet av ein djup og brei sjøkanal, og dette førde til at fjellkjeda vart ein arnestad for endemisme i både fugle-, plante- og reptillivet.[1]

Haiti har eit verdsarvområde på staden.[2] I kjølvatnet av jordskjelvet i Haiti 2010 har Haiti difor fått hjelp av verdsarvprogrammet til UNESCO for å vurdere skadane.[3]

Kjelder [endre]

Referansar [endre]

  1. «Endangered Areas» av Andrea Townsend.
  2. «National History Park – Citadel, Sans Souci, Ramiers» hjå UNESCO.
  3. «World Heritage in Haiti» hjå UNESCO (20.01.2010).