Mastitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om mastitt hjå dyr. For mastitt hjå menneske, sjå brystbetennelse.
Mikroskopbilde av Stafylokokkus aureus.

Mastitt er ein jur/brystsjukdom som råkar både dyr og menneske. Mastitt, eller jurbetennelse, er den sjukdomen som medfører størst økonomisk tap i norsk husdyrproduksjon. I dei siste åra ha mellom ein femtedel og ein fjordedel av alle kyr som omfattast av helsekorttenesta, vorte behandla for mastitt. Den vanlegaste mastittbakterien er Stafylokokkus aureus (S.Aur).

Kva er mastitt?[endre | endre wikiteksten]

Denne sjukdomen kan råke kyr, geit og søyer. Mastitt er betennelse i spenar eller jur og kan ha mange ulike årsaker. Vanlegvis skuldast sjukdomen eit bakterieåtak, men den kan òg skuldast sopp eller virus. Betennelsen kan oppstå ved at «sinte» mikroorganismar nedkjempar den naturlege forsvarsmekanismen i juret når desse er i normal funksjon, men skjer ogso ofte fordi forsvaret er svekka grunna direkte fysisk skade på spenar eller jur.

Glaset til venstre inneheld utflod frå eit mastitt-råka jur, og glaset til høgre inneheld vanleg mjølk.

Ved sokalla klinisk mastitt opptrer det synlege forandringar på dyret og/eller mjølka. Ved det ein kallar subklinisk mastitt, får ein høgt celletal i mjølka utan andre synlege forandringar på dyret eller mjølka.

Mastitt synar seg ogso ved at det oppstår klumpar eller fnokkar i mjølka. Difor vert det tilrådd å prøvemjølke før ein set på mjølkeorgana. Då kan ein forhindre at eventuell mastittmjølk hamnar på tanken. Det bør dessutan gjennomførast testing av spenane regelmessig med ein metode som kallast Shalmtest. Ved ei mistanke om subklinisk mastitt, skal ein sende inn prøvar til ysteriet for analyse.

Diagnose[endre | endre wikiteksten]

  • Dårleg matlyst
  • Uroleg under mjølking
  • Heving
  • Raudme i juret
  • Øm/smerter
  • Feber

Kroppstemperaturen bør ligge på mellom 38,2 og 39 gradar celsius hjå friske storfe, og mellom 38,5 og 39,5 hjå friske småfe.

Koldbrann[endre | endre wikiteksten]

Koldbrann på jur.

Koldbrann på jur er noko liknande mastitt, men her er det bakteriar som kjem inn i juret og skil ut giftstoff. Desse giftstoffa blokkerer blod og næringstilgangen til fyrst spenen, og så juret nedanfrå. Dette vil utvikle seg medan bakteriane formeirar seg, og skadar ein stadig større del av juret. Den råka delen av juret vert då blått og kaldt, sidan blodårane storknar og snevrar inn grunna gifta frå bakteriane. Med tida vil juret rotne og dette av, noko som er svært smertefullt for dyra. Produksjonsmessig bør ein helst avlive dyra sidan dei sjeldan blir bra att. Av behandling kan ein enten amputere det råka juret, eller skjere av spenen for å få ut mest mogleg gift.

Førebyggjing[endre | endre wikiteksten]

Nokre enkle tiltak har synt seg effektive mot mastitt:

  • Unngå trekk på dyra, særleg på juret
  • Sørg for å ha mjølkeutstyr som er god for jurhelsa
  • Prøvemjølk før mjølkinga
  • Bruk rett mjølketeknikk
  • Ha gode hygieniske prosedyrar, ikkje bruk den same jurfilla på fleire kyr, reinsk møka ut av båsane dagleg

Der det er mogleg, løner det seg å mjølke dei yngste dyra fyrst, og mjølke dei gamle og låkhelsa sist.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Ein behandlar mastitt ved å mjølke ut ofte og ved å gje antibiotika. Medan behandlinga pågår, og den fyrste tida etter at ho er avslutta, er det ikkje lov å levere mjølk frå den kua som er sjuk. Dette er for å unngå at det kjem antibiotika over i konsummjølka, eller at gjæringa ved produksjonen av ost blir hemma.

Mastitt hjå sau.

For dei typane antibiotika som er mest vanleg brukt, skal mjølka haldast attende i fire dagar etter avslutta behandling av den spenen som er behandla. Tilsvarande frist for ubehandla spenar på jur som er behandla, er to dagar.

Mastittmjølka[endre | endre wikiteksten]

Mjølk frå kyr eller geit som blir eller har vore behandla for mastitt, kan likevel brukast som fôr, til yngre oksekalvar eller bukkekje som enno ikkje har utvikla drøvtyggjarfunksjonen. Grunna antibiotikaens bakteriedrepande verknad eignar slik mjølk seg ikkje til bakteriologisk syring, men må brukast fersk eller syrnast med organisk syre (0,2 % maursyre). Om ein har mjølk med antibiotikarestar i ofte, bør ein ikkje bruke denne mjølka til kalvane/kjea.

Bakteriane i miljøet kan danne motstandskraft mot antibiotika dersom ein har antibiotikarestar i fôret ofte. Dessutan kan antibiotikaen drepe mikrobane i vomma hjå drøvtyggjarar. Dette er grunnen til at ein ikkje bør gje antibiotikahaldig mjølk til eldre kalvar og kje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mastitt