Matamata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matamata
Frå «Hobbiton»-området
Frå «Hobbiton»-området
Styresmakter
Land
Region
New Zealand
Waikato
Geografi
Koordinatar 37°49′0″S 175°46′0″EKoordinatar: 37°49′0″S 175°46′0″E
Tidssone NZST (UTC+12)
Plassering
Matamata is located in New Zealand

Matamata er ein småby i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Det totale folketalet i området ligg kring 12 000 menneske, der den eine halvdelen bur i byen, den andre ute på bygda. Byen ligg nær høgdedraget Kaimai Ranges, og i eit blømande landbruksområde som er kjent for oppdrett av fullblodshestar. Han er eindel av distriktet Matamata Piako, som omfattar dei omgjevande landdistrikta så vel som tettstadane Morrinsville og Te Aroha.

Riksvegen State Highway 27 og jarnvegssidelinja Kinleith Branch railway går gjennom byen.

Hobbiton[endre | endre wikiteksten]

Ein nærliggjande gard vart nytta som staden «Hobbiton» i Peter Jacksons filmtriologi The Lord of the Rings, og eit «Velkomen til Hobbiton»-skilt er no sett opp ved hovudvegen. Ved eit merkeleg tilfelle er den einaste andre byen i verda med same namn — Matamata i Tunisia — nytta ved innspelinga av George Lucas' filmserie Star Wars.

Media[endre | endre wikiteksten]

Matamata er òg sete for ulike mediakanalar, mellom desse fjernsynskanalane tvCentral, TV Rotorua og iTV Live, noko som er uvanleg for ein by av denne storleiken.

Andre tettstader i Matamata-området[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Media

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.