Matblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koreanske dessertpannekaker, hwajeon , laga med rhododendronblomar.
Foto: Yeonjea Kim
Vietnamesisk rett med blomar frå Sesbania sesban.
Foto: Son Coi
Matblomen blomkål er kjend som ein grønsak.

Matblomar er blomar brukte til mat som råvare, pynt eller smakstilsettar. Blomar kan brukast til matlaging like etter at dei er plukka eller etter oppbevaring gjennom tørking, frysing, kandisering eller lagring i olje. Dei kan brukast til drikkar, salat, supper, dessertar og i hovudretter.

Fleire blomar er lenge blitt brukte til å laga te, til dømes hibiskus og krysantemum.

I tillegg til det ein kan kalla typiske blomar, som gjerne er små, fargerike og skjøre, finst det nokre blomar som er så matfulle at dei er kjende som grønsaker, som artisjokk, blomkål og brokkoli.

Vanlege matblomar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Matblom