Mateja Svet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mateja Svet


Statsborgarskap Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Slovenia
Fødd 16. august 1968 (55 år)
Ljubljana
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 1988 – Slalåm kvinner, Alpine greiner under Vinter-OL 1984

Utmerkingar

Bloudek-prisen, Bloudek badge, Slovenian Athletes Hall of Fame, Årets idrettsutøver i Slovenia

Mateja Svet (fødd 16. august 1968) er ein slovensk tidlegare skirennar frå Ljubljana som representerte Jugoslavia. Ho vann VM-gull i slalåm i 1989 og tok i alt seks medaljar i VM- og OL-tevlingar i tida 1987-89.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Svet deltok i sitt fyrste verdenscuprenn som sekstenåring og vann to storslalåmrenn i verdscupen i 1986-sesongen, sytten år gammal. Under VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana sikra ho seg tre medaljar; fyrst ein bronse i super-G, så sølv i storslalåm bak Vreni Schneider frå Sveits og til sist ein bronse i slalåm.

Under Vinter-OL 1988 i Calgary tok Svet sølv i slalåm, også då fann ho si overkvinne i Vreni Schneider. Gjennom 1988 var Svet den beste kvinnelege storslalåm-rennaren i verda og vart dermed vinnar av FIS-pokalen 1988 for den greina.

Høgdepunktet for Svet kom i VM i alpine greiner 1989 i Vail i den USA-amerikanske delstaten Colorado, der ho vart verdsmeister i slalåm med klar margin til sølvvinnar Vreni Schneider. I tillegg fekk ho bronsemedaljen i storslalåm-tevlinga, men fyrst etter at den opphavlege bronsemedaljøren, Christelle Guignard frå Frankrike, vart dømd for brot på dopingreglementet.

Svet vann sju verdscuprenn, seks i storslalåm og eitt i slalåm. Den siste sigeren oppnådde ho i Veysonnaz i Sveits den 5. februar 1990. Etter 1990-sesongen la ho vekk konkurranseskia, 21 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]