Matematisk operasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Operasjon i matematikk er eit generelt omgrep for ein framgangsmåte til å avleie nye storleikar ut frå gjevne storleikar. Døme på matematiske operasjonar er addisjon, multiplikasjon, divisjon og derivasjon.

Moderne algebra kan karakteriserast som studiet av generelle operasjonar og eigenskapane deira. Etter dei krava som vert stilt til dei forskjellige operasjonane, vert ein leia til algebraiske omgrep som gruppe og ring. Desse omgrepa omhandlar først og fremst binære operasjonar, som virkar på to gjevne element og til desse assosierer eit nytt element som eit resultat av operasjonen. Addisjon og multiplikasjon av to tal er døme på binære operasjonar.

Derivasjon er ein operasjon som berre virkar på eitt element, og er slik ein unær operasjon som ofte vert kalla for ein operator. Lineære operatorar spelar ei stor rolle i analysen og vert handsama i operatorteorien, som særskild omfattar teorien for differensialoperatorar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]