Mathias Henrikssøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mathias Henrikssøn var abbed på Tautra frå år 1510.

Mathias Henrikssøn var fødd i Danmark. Han var via til prest og var munk på Sørø inntil han vart utnemnd til abbed på cistercienserklosteret på Tautra i 1510. Han vart utnemnd av abbed Henrik Christiernssøn Tornekrans ved Sørø og abbed Herlaug av Heresvad i Skåne og innsett av generalabbed Jakob av Citeaux. I valbrevet står det at Tautra kloster var utan abbed, det var få munkar der og klosteret var nær ved å gå under. Mathias var eit uheldig val, han misbrukte si verdigheit som abbed og pantsette fleire av eigedomane til klosteret og ein stor del av dei lausøyret. Sølvsaker og andre gjenstandar som høyrte klosteret til tok han med seg og noko av dette lagra han i andre kloster, med anna hos priorinna i Bakke kloster.

Etter å ha gjort dette reiste han til Oslo og blei abbed på Hovedøya kloster og fortsette livet som på Tautra. Biskop Hans Reff sende eit brev til erkebiskopen datert 20. oktober 1525 og skreiv at Mathias ikkje kunne vera der lenger og at var avsett. Årsaka var at han oversåg både åndelege og praktiske plikter. Mathias reiste ned til Danmark og freista å få innpass ved Lyse kloster ved Bergen. Dette var mislykka, men merkeleg nok får han brev på Tautra på ny.

Etter å ha vore borte frå Tautra i 10 år er han attende igjen. Men erkebiskop Olav Engelbrektsson er kjend med rullebladet til Mathias. Det gjekk ikkje lang tid før erkebiskopen fekk Mathias arrestert i 1530. Det var sju bønder frå Frosta som utførte arrestasjonen. Mathias vart stilt for ein geistleg domstol og klaga for ei rekke av forhold.

Tiltaleskriftet[endre | endre wikiteksten]

  • Han hadde slått munkane i kyrkja så blodet flaut frå nase og munn.
  • Har ikkje helde messe på eit år og ikkje lese tidebønn på tre år.
  • Ikkje kome til ottesong (morgongudsteneste) eller kveldssong på to eller tre år.
  • Fastar aldri på fredagar og andre fastedagar.
  • Kallar brørne sine Lutheranar, tjuvar, kjettarar og gudsforedar.
  • Utuktig og ukristeleg snakk i nærværet åt alle.
  • Svindla fleire bønder og påførte dem ulidelege avgifter.
  • Svara erkebiskopen at han ikkje var herren hans, det var paven og kongen.
  • Selde eigedelar frå Tautra kloster når han drog til Hovedøya.
  • «Hans kirke render som en sold og klosterets jorder er aldeles forfaldne».

Innhaldet i dommen er ikkje kjend, men det ein veit om kva Mathias seinare gjorde fortel ein god del. 11. april 1531, pantsette han tre gardar til Nils LykkeAustråt «for å få betalt erkebiskopen ein stor pengesum». Også klosteret med gods som høyrde til vart overlate til Nils Lykke. Nils Lykke reiste til København til kong Fredrik og fekk handelen stadfesta.

For Mathias var ikkje dette slutten, han fekk endeleg innpass ved Lyse kloster og vart abbed der. Også dette klosteret gjekk mot undergangen, men denne gongen ved politiske vedtak. Heile klosterordninga og katolisismen vart fjerna ved reformasjonen i 1537.

Mathias Henrikssøn er skildra som «en i alle dele grundfordærvet prælat» og etter han har vi uttrykket «Gale Mathias».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Frosta i gammel og ny tid. Festaaret 1914.
  • Christiansen, Per R.: Frostaboka (Bind 3). Frosta historielag 1989.
  • Wisløff, Carl Fr.: Norsk kirkehistorie (Bind 1). Lutherstiftelsen.