Mathopen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mathopen
stad
Land  Noreg
Kart
Mathopen
60°20′00″N 5°13′00″E / 60.33333333°N 5.21666667°E / 60.33333333; 5.21666667

Mathopen er eit bustadområde i Loddefjord i Laksevåg bydel i Bergen, som ligg på nordsida av Grimstadfjorden. I nord ligg Hetlevik og Storavatnet, og i vest Håkonshella. Namnet Mathopen kjem av at dei samla fisken i ein hop i Grimstadfjorden før i tida. På Mathopen er det mest villabustader og ein større grunnskule (Mathopen skole), og stedet er ein typisk forstad til Bergen, då dei fleste som bur her arbeider i sentrum. Elles er det mange her som har sin arbeidsplass ved Sjøforsvarets hovudbase Haakonsvern, som ligg her. Hovudvegen heiter Hillerenveien, og områdets vestlege del vert kalla for Hilleren.

Mathopen utgjer ein grunnkrets i Bergen kommune som hadde 1 749 innbyggjarar 1. januar 2012, og eit areal på 3,25 km². Av dette er 0,12 km² ferskvatn.