Mator
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Mator (—) |
||
| Klassifisering: | Uralske språk samojediske spårk sørsamojediske språk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | — | |
| Område: | Sibir | |
| Matortalande i alt: | 0 | |
| Rangering: | — (språket er utdøydd) | |
| Skriftsystem: | - | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | — | |
| Normert av: | — | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3: | mtm | |
Mator er eit uralsk språk. Det høyrer til den sørlege delen av den samojediske språkgreina. Andre sørsamojediske språk er selkupisk, og dei utdøydde khoibalsk og kamassisk.
Historie [endre]
Mator døydde ut på 1840-talet. Det vart snakka i Sibir, i dei nordlege delane av Sajanfjella ikkje langt frå nordgrensa til Mongolia. Talarane budde i eit stort område frå Jenisej til Baikalsjøen. Taigi og karagassisk, som av nokon blir halde for eigne språk, var sannsynlegvis dialektar av mator. Mator-talarane vart assimilert inn i dei altaiske språka som blir snakka i det same området, spesielt khakassisk og tuvinsk.
| Samojediske språk |
| enetsisk | juratisk | kamassisk | mator | tundranenetsisk | skogsnenetsisk | nganasansk | selkupisk |