Matotsjkinsundet

Koordinatar: 73°15′N 55°00′E / 73.250°N 55.000°E / 73.250; 55.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser Novaja Zemlja med Matotsjkinsundet.

Matotsjkinsundet russisk Ма́точкин Шар, Matotsjkin Sjar) er eit sund mellom Severnyj og JuzjnyjNovaja Zemlja i Russland. Det knyter Barentshavet til Karahavet. Sidene av sundet er bratte og høge. Sundet er om lag 100 km langt og på det smalaste er det berre 600 meter. Sundet er dekt av is det meste av året. Det er fiskelandsbyar langs sundet, som Stolbovoj.

Frå 1963 til 1990 vart om lag 39 atomprøvesprengingar utført under jorda gjennom ei rekkje tunnelar og sjakter ved sundet. Etter 2000 har den russiske regjeringa aktiveter teststaden igjen ved å forstørre gamle tunnelar og starte nybygging. Kvar sommar sidan den gong er fleire subkritiske hydronukelære forsøk med opp til 100 g plutonium utført her.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russland: Central Test Site, Novaya Zemlya». Nuclear Threat Initiative. 30. juli 2003. Henta 3. november 2008. 

73°15′N 55°00′E / 73.250°N 55.000°E / 73.250; 55.000