Matrikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Matrikkelen)

Ein matrikkel (av latin matricula, register) er eit register over jordeigedommar i eit land. Nemninga kan òg verte brukt om andre register.

Matrikkelen byggjer på lister sett opp av dei som stod for skatteinnkrevinga, sidan jordeigedommar var av dei viktigaste skatteobjekta. Eit anna viktig kjeldegrunlag var jordebøker sett opp av kyrkja og andre godseigarar. Den engelske Domesday Book er rekna som verdas eldste verkelege matrikkel.

Norske gardsmatriklar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg bygde matrikkelen frå starten på landskylda, det vil seie den jordleiga leiglendingane betalte. Etter kvart som gardane voks og vart delte, spesielt frå midten av 1500-talet, vart desse listene mindre høvelege med sikte på rettvis skattelgging.

Matrikkelen av 1665[endre | endre wikiteksten]

Blant dei nyordningane som vart vedtekne etter at eineveldet vart innført i Danmark-Noreg i 1660, var at kongen oppnemnde landkommisjonar som skulle taksere all jord i landet slik at dei fann ei skatteskyld som samsvarte med produksjonsverdien for garden. Alle gardane skulle førast i ein matrikkel med opplysningar om ressurstilgang, produksjon, gammal landskyld og ny landskyld. Arbeidet vart ikkje fullført, men listene som vart sette opp er viktig lokalhistorisk kjeldemateriale.

Matrikkelutkastet av 1723[endre | endre wikiteksten]

I 1723 vart det endeleg sett opp eit fullstendig matrikkelutkast for Noreg, men heller ikkje denne matrikkelen vart teken i bruk for skattlegginga, anna enn for nyrydningar.

Matrikkelen av 1838[endre | endre wikiteksten]

Først i 1838 vart ein ny matrikkel teken i bruk. Her var alle jordeigedommar i landet, unntatt dei i Finnmark, tekne med. Matrikkelen fra 1838 innførte nye matrikkelnummer og løpenummer. Når det var meir enn eitt bruk på ein gard, kunne bruka få ein bokstav (a, b, c ...) etter løpenummeret. Eigedommane vart skyldsette i skylddalar, ort og skilling.

Sidan folk ikkje var nøgde med fordelinga av skattebyrdene, vart det i 1863 nedsett nye matrikkelkommisjonar. Arbeidet deira førte fram til matrikkelen i 1886.

Matrikkelen av 1886[endre | endre wikiteksten]

Matrikkelen som har vore bruka fram til i dag, gjaldt frå 1886. Denne matrikkelen er ordna slik at kvar matrikkelgard har eit gardsnummer. Gardsnummeret startar normalt på 1 i kvar kommune. Kvar gard er delt i eitt eller helst fleire bruk, kvar med sitt bruksnummer, som vert tildelt kronologisk etterkvart som bruka blir delt frå eit av dei andre bruka på garden. Dersom det er skilt ut festetomter under bruka, vil desse ha eit tredje nummer. I denne matrikkelen vart jordeigedommane skyldsette i mark a 100 øre. I alt hadde jordeigedommane i landkommunane ei samla matrikkelskyld på 500 000 mark á 100 øre. Herifrå har vi nemninga skyldmark.

I moderne tid har ikkje matrikkelskylda lenger hatt noko å seie for skattlegginga, men somme inntekter som fell på fast eigedom har vorte fordelte mellom grunneigarane etter skyldmark. Ved sida av amtikkelen er det utvikla eit GAB-register over Grunneigedom, Adresse og Bygning.

Matrikkellova av 2005[endre | endre wikiteksten]

Matrikkellova slår fast at matrikkelen er landet sitt offisielle register over fast eigedom, og under dette bygningar, bustader og adresser.

Matrikkelen skal innehalde opplysningar om den enkelte matrikkeleininga som er nødvendig for planlegging, utbygging, bruk og vern av fast eigedom, under dette offisielle nemningar og opplysningar om den enkelte bygning, bustad og adresse. Matrikkelen skal vise grensene for matrikkeleiningane, under dette grenser for uteareal som inngår i eigarseksjon.

Staten ved sentral matrikkelstyresmakt skal syte for ordning, drift og forvaltning av matrikkelen. Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt, og har under dette ansvaret for å utføre oppmålingsforretningar og føre matrikkelen i kommunen.

Matrikkellova vart innført kommune for kommune i perioden frå desember 2007 til april 2009.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]