Matronekult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Matronekult er ei moderne fagleg nemning på ein førkristen germansk og keltisk kultisk praksis knytt til kvinnelege makter. Nemninga er avleia av det latinske ordet matrona («familiemor»; «standsmessig kvinne»; «respektert kvinne») som er nytta i inskripsjonar på votivsteinar og altre med bilete i lågt relieff av gudinner eller andre kvinnelege makter, funne innanfor det som var Romarriket i si tid. Orda matres eller matrae er òg nytta i slike inskripsjonar. Steinar med bilete og innskrift som har med matronekult å gjere, er kjende frå områda på vestsida av nedre Rhinen i Tyskland, frå Frankrike (Gallia), Nord-Italia og England.

Altar for matronae aufaniae.
Bonn, Rheinisches Landesmuseum.

I vår tid er innhaldet i matronekulten lite kjend, då det ikkje finnast andre kjelder til kunnskap om denne kulten enn inskripsjonane og bileta av «matronene» på desse votivsteinane og altra, saman med det faktum at dei ofte er funne i restar av tempel og kultbygningar. Med omsyn til kunnskap om dei kvinnelege maktene i germansk førkristen religion er vitnesbyrda om matronekulten i dei gamle romerske områda på vestsida av elva Rhinen viktigast. Oppsettinga av «matronesteinar» ved nedre parten av Rhinen meiner ein tok til i fyrste hundreåret etter Kr.f., ettersom ein stein reist av ein matros i den romerske Rhinfloten i åra mellom 70 og 89 etter Kr.f. vert rekna som den eldste[1]. Kulten tok slutt under den romersk-kristne og frankisk-heidne sameksistensen som vart etablert seint i det femte hundreåret, etter at Køln vart lagt under frankisk herredøme[2].

Mykje tyder på at dei førestillingane som matronekulten sprang ut av, var så sterke at kulten vart ført vidare i kristen tid i form av kult til kvinnelege helgenar, og at dette kan vere bakgrunnen for at koret i domkyrkja i Bonn vart bygd på staden for eit tidlegare matronetempel, slik funn av votivsteinar under kyrkja har stadfest[3]. Dei kristne kvinnelege helgenane opptrer ofte i grupper på tre, til liks med at matronene på votivsteinane i dette området òg opptrer i grupper på tre. Dess matronene har vorte samanlikna med dei kvinnelege maktene som i nordisk samanheng er kjende som diser, valkyrjer og norner, som til dømes dei tre nornene Urd, Verdande og Skuld ved Urdarbrønnen[4]. I norsk folkloristisk materiale frå etterreformatorisk tid er det fleire døme på at «legende møyer» eller Mariaer opptrer i grupper på tre etter eit europeisk mønster[5], og dette kan tyde på at det i Noreg òg har eksistert kvinnelege helgenar i grupper på tre i katolsk tid, kan hende i samsvar med tradisjonar attende til ein sams nordisk og germansk heiden kult for kvinnelege makter i grupper på tre.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Simek 2003, side 13
  2. Simek 2003, side 13
  3. Simek 2003, side 13
  4. Simek 2003, sidene 124-128
  5. Grambo 1974

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bauchhenss, Gerhard & Günter Neumann (Hrsg.). Matronen und verwandte Gottheiten (Beihefte Bonner Jahrbücher Band 44). Köln 1987: Rheinland-Verlag GmbH. ISBN 3-7927-0934-1
  • Grambo, Ronald. De tre legende møyer i norske trollformler : En motivhistoisk undersøkelse. Maal og Minne. Oslo 1974: Bymålslaget/Det Norske Samlaget. Side 72 – 89.
  • Maier, Bernhard : Lexikon der keltischen Religion und Kultur. Kröner, Stuttgart 1994, ISBN 3-520-46601-5
  • Simek, Rudolf. Religion und Mythologie der Germanen. [Stuttgart] 2003: Theiss/Wissenschaftliche Buchgesellsschaft, Darmstadt. ISBN 3-8062-1281-8