Matsésfolket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Matsésfolket (matsés, 'menneske') òg kalla mayoruna (quechua mayo, 'elv', runa, 'folk'), er ei folkegruppe som lever i peruansk og brasiliansk del av regnskogen i Amazonas, dei fleste langs grenseelva Yavarí og på peruansk side ved Galvezelva i Loreto-regionen i Peru. Språket matsés er eit nordleg panoan-språk i pano-tacananspråkfamilien og vert bruka av om lag 3 200 menneske.

I løpet av dei siste tretti åra har matsésfolket som tidlegare var halvnomadar no stort sett blitt bufaste. Dei lever likevel i stor grad av det dei kan samle og fange i skogen, sjølv om øydelegging av naturgrunnlaget gjer det meir og meir vanskeleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ulike kjelder meiner at matsésfolket hadde sitt opphavlege territorium nærare Huallagaelva. På 1700-talet kom misjonærar frå Jesuittordenen inn i landområdet deira. Det førte med seg epidemiar som øydela samfunnet og dei overlevande flykta til territoriet der dei bur i dag, ved grenseelva Yavarí. Frå då av gjorde dei alt kva som var mogleg for å unngå kontakt med verda utanfor noko som utvikla seg til ein krig mot storsamfunnet. Blant anna hende det ofte at matsésarane kidnappa kvinner og barn frå andre folk når dei tykte presset utanfrå vart for stort. Det er ikkje klart kva motiva var, men i sin første presidentperiode sette president i Peru Fernando Belaúnde Terry inn angrep med bombefly med napalmbomber mot folkegruppa midt på 1960-talet. Resultatet vart tap av menneskeliv, lidingar og at matsésarane til sist gav løyve til at misjonærar kunne komme inn i området. Det vert òg hevda at tømmerhoggarar og skogsdrift følgde etter relativt raskt.

Etter at misjoneringa tok til skjedde ei sosial oppløysing, det meste av folkesetnaden vart dels ein del av pengeøkonomien og i stor grad hjelpelause og ute av stand til å greie seg utan bistand utanfrå. Mange av desse lever i faste mindre busettingar langs Yavarí. Men mindre grupper freistar framleis å leve etter tradisjonen som halvnomadar lengre sør opp mot kjeldane til Yaqueranaelva, den øvste delen av Yavaríe. Andre held til på brasiliansk side av grensa.

Frå 1998 fekk matsésfolket eigerett til 457 000 hektar jord. Paradoksalt nok kan det ha gjort det enklare for skogindustrien å ta ut tømmer og å øydeleggje naturgrunnlaget for matsésarane.

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

Matsésfolket eig ein høgt utvikla kunnskap om plantelivet i den kringliggande regnskogen og tar føremon av det i handsaming av sjukdommar og plagar. Til dømes framstiller dei det narkotiskehallusinerande stoffet nu-nu frå komponentar frå tre ulike planteartar og nyttar òg det ferdige produktet som desinfeksjonsmiddel.

Pil og boge er det viktigaste våpen blant dei som lever etter tradisjonen i matséskulturen. Dei er framifrå skyttarar og nyttar bogar i to ulike storleikar avhengig av kva type jakt det er snakk om. Dei kan òg nytte spyd til å avlive større dyr.

Kvar tradisjonelle samfunnsgruppe kan sjølv syte for det dei treng i dagleglive med hjelp frå det dei haustar frå skogen. Til dømes vert sterkt tauverk og tråd framstilla av palmeblad.

Tradisjonelt matsésverdssyn[endre | endre wikiteksten]

I matsésverda er titá, skogen, med alt det han inneheld eit viktig omgrep. Ordet titá kan òg bety 'mor'. Sjølve skogen – trea – vert kalla nimirå.

Som mange andre urfolk i Amerika har matsésarane eit animistisk verdsyn som ikkje skil mellom den fysiske og åndelege verda. Dei tar jamleg kontakt med åndene til dyr og plantar med hjelp av seronté nu-nu, det narkotiske pulveret. Sjølv om dei jaktar på dyr for å skaffe føde, er respekten for dyra så høg at dei må be dyra om løyve først. Ein kvar jakttur vert innleia med at alle menn tar stoffet kvelden før jaktdagen for å orientere seg. Om dei seg tvungne til å drepe utan å spørje først ber dei om orsaking etterpå. Spesiell respekt har dei for jaguaren, bedí, som dei aldri drep og heller ikkje fryktar.

Kunstnariske uttrykk[endre | endre wikiteksten]

Matsésarane målar og tatoverar huda. Grunna ovundringa for jaguaren kan dei pynte seg for å etterlikne utsjånaden. Eit typisk handverk er fletting av kurver og nett. Det vert òg lagt inn mykje fint arbeid i våpna.

Levevis og tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Matsésfolket har ikkje skriftspråk og har ikkje hatt omgrep om tal. Alt over tre er datpeing – mange, nok. Om ein mann har meir enn tre koner har han mange, dei er altså vanleg å praktisere polygami og ekteskap mellom fetter og kusine er mest vanleg. Det er likestilling mellom kjønna i arbeidsbyrd. Råstoff til matrettar er fisk, tapir, aper, bær, ville fruktar, nøtter, termittar og maniok for å nemne nokre.

Det er ikkje klart kvifor matsésfolket også vert kalla elvefolket. Det var først etter ca 1970 at dei starta med å bruke kanoar og tilværet deira er heilt og fullt knytt til titá, skogen. For å bli effektive i jakt nyttar dei sekretet frå frosken Phyllomedusa bicolor. Middelet gjev uvanleg emne til å halde ut påkjenningar og jakt under slik påverknad vert kalla «magisk jakt».

Tidlegare vart det praktisert ritual som folk utanfor matséssamfunnet oppfatta som kannibalisme, og det hendte også kidnapping av menneske frå andre folk som vart assimilert i matsés. Begge skikka vart avskaffa frå ca 1970 då misjonærar kom inn i territoriet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]