Matt Busby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matt Busby
Statue av Busby utanfor fotballbana Old Trafford i Manchester

Matthew William Busby (26. mai 190920. januar 1994) var ein skotsk fotballspelar og -trenar, særleg kjend frå si tid som trenar for Manchester United på 1950- og 1960-talet. Høgdepunktet nådde han då Manchester-klubben i 1968 vann Europacupen.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Busby spela høgrehalf for den engelske klubben Manchester City frå 1929 til -36 og deretter for Liverpool FC fram til 1940. Under 2. verdskrigen, 1941-43, spela Busby 38 kampar og skåra fem mål for Hibernian FC i ein eigen regional fotballiga i Skottland. Busby spela ein landskamp for Skottland, ein kamp mot Wales i Cardiff i 1933 som enda med siger 3-2 for heimelaget. Hans einaste triumf som spelar kom då Manchester City i 1934 vann den engelske cupfinalen med 2-1 over Portsmouth.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Våren 1945 fekk Busby tilbod om å trene Manchester United. Hans tid som lagsjef (manager) i Manchester United var svært suksessfylt, med fem ligameisterskap (1952, 1956, 1957, 1965 og 1967) og to sigrar i FA-cupen (1948 og 1963). I 1968 leia Busby klubben til topps i den gjævaste klubbturneringa, Europacupen. Manchester United vart dermed den fyrste engelske klubben som vann Europacupen.

Busby var med under flyulukka i München i 1958, der 23 menneske, der i mellom åtte United-spelarar omkom. Busby vart hardt skadd i ulukka, så assistenten tok over leiinga av laget for ei tid. Frå september til desember 1958 var Busby, mellombels, landslagssjef for Skottlands landslag i seks kampar.

Eitt år etter sigeren i Europacupen i 1968, pensjonerte Busby seg, og vart avløyst av Wilf McGuiness. McGuiness lukkast lite, så Busby leia Manchester United våren 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rothmans Football Yearbook 1980-81. London og Sydney