Matterhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 45°58′35″N 7°39′30″E
Matterhorn
it. Monte Cervino
fr.: Mont Cervin eller Le Cervin
fjell
none  Matterhorn sett frå Zermatt
Matterhorn sett frå Zermatt
Land Flag of Italy.svg Italia, Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 4 478 moh
skardhøgd 1 040 m ↓  Col Durand
mot Weisshorn
dominans 13,7 km → Liskamm-Westgipfel
koordinatar 45°58′35″N 7°39′30″E
Lettast tilkomst Hörnliryggen (AD, fjellklatring)
Førstestiging av Edward Whymper, Charles Hudson, Francis Douglas, Douglas Robert Hadow, Michel Croz, Peter Taugwalder (far), Peter Taugwalder (son)
 - dato 14. juli 1865
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Matterhorn (fr.: Mont Cervin eller Le Cervin, it.: Monte Cervino) er eit av dei best kjente fjella i Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom Sveits og Italia og er 4 478 m.o.h. Pyramideforma er svært karakteristisk og har mellom anna vore inspirasjon for Toblerone-sjokoladen.

Fjellet kan sjåast godt frå den sveitsiske tettstaden Zermatt i Valais og den italienske tettstaden Breuil-Cervinia i Val Tournanche.

Matterhorn har fire sider, som kvar vender mot kvar sin himmelretning. Nordsida vender mot Zmuttdalen, sørsida mot Breuil-Cervinia, austsida mot Gornergrat og vestsida mot Dent d'Hérens. Sidene er bratte og berre små område med snø og is dekkjer dei. Det går ofte snøras slik at det samlar seg snø på isbreane ved foten av fjellet. Hörnliryggen frå nordaust er den vanlegaste ruta til toppen. Nordsida av Matterhorn vert rekna som ein av Dei seks store nordsidene i Alpane.

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Matterhorn var av dei siste store fjellet i Alpane som fjellklatrarar nådde toppen av. Fjellet var ikkje teknisk vanskelegare enn andre fjell, men skapte ei frykt hos dei tidlege fjellklatrarane. Den første seriøse forsøket vart gjort rundt 1857, hovudsakleg frå den italienske sida, men sjølv om det ikkje ser sånn ut er sørsida vanskelegare og klatrelaga måtte gje opp fleire forsøk.

Først i 14. juli 1865 klarte Edward Whymper, Charles Hudson, Francis Douglas og Robert Hadow, saman med Michel Croz og to stykk Peter Taugwalder (far og son med same namn) å nå toppen. Dei gjekk langs Hörnliryggen og oppdaga at dette var lettare enn dei trudde på førehand. På veg ned døydde glei Hadow, slo Croz overende og drog Hudson og Douglas med seg. Tauet som hang fast i dei tre andre slitna og dei fire fall ned på Matterhornbreen 1 400 meter under dei og omkom. Likene til alle bortsett frå Douglas vart funne og gravlagd på kyrkjegarden i Zermatt. Whymper si klatring vert rekna som den siste i fjellklatringa sin gullalder.

Austsida av Matterhorn speglar seg i Riffelsee

Tre dagar seinare, 17. juli nådde eit lag leia av Jean-Antoine Carrel toppen frå den italienske sida. I 1871 vart Lucy Walker den første kvinna på toppen av fjellet, eit par veker før rivalen hennar Meta Brevoort.

I dag er alle ryggane og sidene av Matterhorn klatra i alle årstider. Kvar sommar tar fjellguidar med seg mange klatrarar til toppen av fjellet via Hörnliryggen. Ut frå vanleg standard er klatringa relativt vansksleg (med klatregraden AD). På grunn av personlege feil, fallande steinar og overbefolka ruter døyr fleire klatrarar kvart år. Den vanlegaste ruta er å ta taubanen Schwarzsee opp frå Zermatt, gå til Hörnli-hytta (3 260 moh) og overnatte her. Neste dag står klatrarane opp seint på natta for å nå toppen før dei vanlege ettermiddagsbygene (ofte med torevêr) kjem inn.

Matterhorn (frå nær Gornergrat)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Matterhorn