Matthias Jacob

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matthias Jacob


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 2. april 1960 (63 år)
Tambach-Dietharz
Idrett skiskyting
Tok del i

biathlon at the 1984 Winter Olympics – sprint, biathlon at the 1984 Winter Olympics – relay, biathlon at the 1988 Winter Olympics – individual, biathlon at the 1988 Winter Olympics – relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Matthias Jacob (fødd 2. april 1960) frå Tambach-Dietharz i Thüringen er ein tysk tidlegare skiskyttar som tevla for Aust-Tyskland. Mellom 1981 og 1987 var han med å vinne tre VM-gull og like mange VM-sølv i stafett. Individuelt fekk han ein sølvmedalje i VM 1987 og ein bronsemedalje under vinter-OL 1984, begge på 10 km. Han er gift med den tidlegare langrennaren Carola Anding.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jacob debuterte for DDR sitt skiskyttarlandslag i 1980. Allereie i sitt fyrste VM i Lahti i 1981 fekk han plass på stafettlaget som vart verdsmeistrar, ein prestasjon han var med på å gjenta året etter. Begge desse VM-titlane vann han i lag med Mathias Jung og Frank Ullrich. Under OL 1984 i Sarajevo vart Jacob beste austtyskar på 10 km og tok bronsen.

Etter han hadde sanka tre strake sølvmedaljar i VM-stafettar, fekk Jacob sin tredje gullmedalje i stafettøvinga under VM 1987. Her gjekk han saman med Jürgen Wirth, Frank-Peter Roetsch og André Sehmisch DDR inn til ein suveren siger, over to minuttar føre Sovjetunionen på sølvplass. I same meisterskapen gjorde Jacob sitt beste individuelle resultat då han tok sølv på 10 km, bakom suverene Roetsch og med Sehmisch på bronseplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar