Matthias Zurbriggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matthias Zurbriggen

Statsborgarskap Sveits
Fødd 15. mai 1856
Saas-Fee
Død

21. juli 1917 (61 år)
Genève

Yrke fjellfører
Matthias Zurbriggen på Commons
Aconcagua

Matthias Zurbriggen (15. mai 185621. juni 1917) var ein sveitsisk fjellklatrar, rekna som ein av dei store fjellklatrarane og -førarane på 1800-talet. Han klatra over alt i Alpane, i Sør-Amerika, i Himalaya og på New Zealand. Zurbriggen var med på ei rad oppsiktsvekkande fyrstebestigingar, den best kjende av Aconcagua i 1897, høgste fjelltoppen på dei amerikanske kontinenta.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Matthias Zurbriggen var fødd i Saas-Fee i Sveits. Han forlét heimen då han var 13 år gammal. Dei neste åra reiste han rundt og tok seg arbeid og tenester ulike stader. Under bygginga av Marinelli-Hütte på austsida av Monte Rosa kom hans evner som fjellklivar for ein dag. Sidan var han i lang tid aktiv som fjellførar, til han i 1892 vart oppdaga av Martin Conway.

Eit heilt år utforska Conway og Zurbrigsen brear og fjelltoppar i Karakorum. Dei kleiv til topps på grannefjellet til Baltoro Kangri, og med sine 6 890 meter over havet sette dei ny høgderekord, ingen hadde vore så høgt før.

Zurbriggen Ridge på Aoraki/Mount Cook på New Zealand er oppkalla etter han. Den 14. mars 1895 gjorde Zurbriggen den fyrste oppstiginga langs egga, noko som samstundes var den andre toppturen nokon gong, og den fyrste solo-klatringa. Fyrstebestiginga hadde funne stad 11 veker tidlegare.

14. januar 1897 var Zurbriggen i Argentina. Den dagen steig han til topps på Aconcagua, 6 958 moh. i Andesfjella, nok ein gong gjennomførte han fjellferda åleine. Kort tid etter stod han på toppen av Tupungato, då hadde han fylgje av Steven Vines.

Seinare reiste Zurbriggen i Tian Shan og la i 1902 ut på ein lengre ekspedisjon i Himalaya. I 1906 var han atter på Monte Rosa, deretter slutta han livet som fjellklatrar.

Siste tiåret levde Zurbriggen eit landstrykarliv i heimlandet. 21. juni 1917 vart han i Genève funnen hengd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]