Matti Pietikäinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matti Pietikäinen


Statsborgarskap Finland
Fødd 29. oktober 1927
Kuopio
Død

15. november 1967 (40 år)

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1948

Matti Pietikäinen (29. oktober 19275. november 1967) var ein finsk skihoppar frå Kuopio. Han vart verdsmeister i skihopping i Falun i 1954. Pietikäinen tevla for klubben Puijon Hiihtoseura frå fødebyen Kuopio.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pietikäinen-brørne, Lauri, Aatto og Matti, var dominerande i finsk skihopping i 1940-åra. Matti, den yngste av brørne, var ein av dei fyrste skihopparane som under svevet heldt armanen langs sida av kroppen, den såkalla finnestilen. Til byrjinga av 1950-åra hoppa ein med armane strekt rett forover i svevet.

Under OL 1948 i St. Moritz kom Matti Pietikäinen på fjerdeplass og vart beste ikkje-norske utøvar, medan broren Aatto Pietikäinen kom på åttandeplass. Året etter deltok Matti i Holmenkollrennet og kom på andreplass, berre slått av nordmanenn Torbjørn Falkanger. Vinteren 1950 la Pietikäinen ut på den lange reisa til ski-VM i Lake Placid i delstaten New York i USA. Der vart han nummer ni i hopprennet og beste finne, nordmannen Hans Bjørnstad vart verdsmeister. I 1951 var Pietikäinen tilbake i Holmenkollen, men vart då nummer 14. Året derpå, under vinter-OL 1952 i Oslo, fekk han ikkje delta for Finland, som straff etter eit slagsmål i ei kneipe.

Den 15. februar 1954 vart Pietikäinen den fyrste finske verdsmeisteren i skihopping. Under VM 1954 i Falun var han heile 10 poeng framom nestemann, landsmannen Veikko Heinonen. I same sesongen vann Pietikäinen hopprennet i Lahti, då føre ein annan landsmann, Eino Kirjonen.

Pietikäinen vart finsk meister i skihopping i 1948 og 1953. Ved sesongslutt i 1954 la han opp som aktiv skihoppar.

Pietikäinen omkom i ei trafikkulukke i 1967.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]