Matti Vanhanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matti Vanhanen
Foto: Antonio Cruz/ABr

Matti Taneli Vanhanen (fødd 4. november 1955 i Jyväskylä) er ein finsk journalist og politikar (frå Centern). Sidan 2003 har han vore statsminister i Finland.

Frå 1980 til 1983 var han leiar for Centerns ungdomsförbund. 1985 til 1991 jobba han i avisa Kehäsanomat, som sjefredaktør frå 1988. I 1991 vart han vald inn i den finske riksdagen.

Vanhanen vart først forsvarsminister då Anneli Jäätteenmäki danna regjering våren 2003. Då Jäätteenmäki gjekk av etter berre eit par månader vart Vanhanen statsminister og partileiar.

Ved presidentvalet i 2006 var Vanhanen Centern sin kandidat. Han kom på tredje plass i første valomgangen med 18,6 % av røystene. I andre valomgang gav han si støtte til Samlingspartiet sin kandidat Sauli Niinistö.

Vanhanen er totalfråhaldsmann. Han er skild (i 2005) og har to born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]