Maude Abbott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maude Abbott

Fødd18. mars 1868
Saint-André-d'Argenteuil
Død2. september 1940
Montreal
NasjonalitetCanada
Yrkelege, patolog, kardiolog, teknisk forfatter, universitetslærar
InstitusjonarMcGill University
Alma materBishop's University
MedlemNew York Academy of Medicine
Canadian Medical Association

Maude Elizabeth Seymour Abbott (18. mars 18682. september 1940) var ein kanadisk lege frå Quebec. Ho var ein av dei fyrste kvinnelege legane i Canada og si tids leiande ekspert på medfødde hjartefeil[1]. Hennar kapittel om medfødde hjartefeil i William Oslers System of Medicine (1908) kan reknast som starten på pediatrisk kardiologi (barnekardiologi) som ein subspesialitet. Det viktigaste verket hennar er boka Atlas of Congenital Heart Disease frå 1936.

Abbott var i det tredje opptaket av kvinnelege studentar til Faculty of Arts ved McGill University i Montreal. Ho blei deretter nekta opptak ved det medisinske fakultet der av di ho var kvinne, og byrja derfor ved Bishop's University. Som einaste kvinne det året blei ho uteksaminert i 1894. Deretter blei det forskingsopphald i Zürich, Wien, Edinburgh og Glasgow før ho blei assisterande kurator ved McGill Pathological Museum i 1899, kurator i 1901.

Abbott blei æresdoktor ved McGill i 1910 og Lecturer in Pathology. Trass i ein stor vitskapeleg produksjon blei ho aldri meir enn assisterande professor (i 1925).

Maude Abbott blei tatt inn i Canadian Medical Hall of Fame etter sin død, i 1994. Ho er den einaste kvinna blant dei femti avbilda i det store veggmåleriet til Diego Rivera, La Historia de la Cardiología, i Mexico by.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William N. Evans: The relationship between Maude Abbot and Helen Taussig: connecting the historical dots. Cardiology in the Young 2008; 18: 557-564.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Biografi frå National Library of Medicine i USA