Maudheimekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Maudheimekspedisjonen (òg kalla Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjon, forkorta NBSX eller NBSAE) var namnet på ein norsk-britisk-svensk ekspedisjon til Antarktis under leiing av John Schelderup Giæver i perioden 1949-1952. Ekspedisjonen vart finansiert og organisert av ein komité av britiske, svenske og norske ekspertar, med professor Harald Ulrik Sverdrup som formann og var den første verkelege internasjonale vitskaplege ekspedisjonen til Antarktis.[1] Store delar av det vestlege Dronning Maud Land vart kartlagt og ekspedisjonen vart ein modell for seinare ekspedisjonar til Antarktis.

Namnet på ekspedisjonen kjem frå overvintringsstasjonen Maudheim (71°03'S, 10°55'V) som vart oppretta i samband med ekspedisjonen. Fleire depot og hytter for overnatting og oppbevaring av utstyr vart reist. Frå desse basane vart det gjort utalde turar, den lengste varte i åtti dagar. Tre av ekspedisjonsmedlemmene omkom 24. februar 1951 då dei under ein testtur med ein overhalt Weasel vart overraska av tåke. Køyretøyet hamna i vatnet då dei for seint oppdaga at over hundre meter av isbremmen hadde kalva. Berre fotografen Stig Hallgren overlevde ulukka, då han etter 13 timar drivande på eit isflak vart redda av kollegaene sine.[2]

Alle ekspedisjonsmedlemmane mottok Maudheimmedaljen.

Ekspedisjonsmedlemmane[endre | endre wikiteksten]

Namn Funksjon Nasjonalitet Merknader
John Giæver Ekspedisjonsleiar frå Norsk Polarinstitutt Flag of Norway.svg Noreg
Valter Schytt Glasiolog og nestkommanderande Flag of Sweden.svg Sverige
Gordon de Quetteville Robin Fysikar Flag of Australia.svg Australia
Nils Jørgen Schumacher Meteorolog Flag of Norway.svg Noreg
Ernest Frederick Roots Geolog Flag of Canada.svg Canada
Ove Wilson Lege Flag of Sweden.svg Sverige
Gösta H. Liljequist Meteorolog Flag of Sweden.svg Sverige
Nils Roer Topograf Flag of Norway.svg Noreg
Alan Reece Geologisk assistent Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Charles Swithinbank Glasiologisk assistent Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Egil Rogstad Radiosjef Flag of Norway.svg Noreg
Bertil Ekström Mekanikar Flag of Sweden.svg Sverige Omkom 24. februar 1951
Peter Melleby Mekanikar og hundekøyrar Flag of Norway.svg Noreg
Leslie Quar Radiomann Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Omkom 24. februar 1951
John Snarby Stuert Flag of Norway.svg Noreg Avreiste januar 1951
John Jelbart Fysikar Flag of Australia.svg Australia Kom januar 1951. Omkom 24. februar 1951
Stig Hallgren Fotograf Flag of Sweden.svg Sverige Kom januar 1951
Bjarne Lorentzen Stuert Flag of Norway.svg Noreg Kom januar 1951

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Polarinstitutts side om Maudheim-ekspedisjonen til Antarktis 1949-1952
  2. Giæver: Maudheim. To år i Antarktis

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • John Giæver (1952) Maudheim. To år i Antarktis – Gyldendal, Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]