Maund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Maund, mun, mam eller mama er ei eldre måleining for masse som vart nytta i India, Pakistan og einskilde land i Midtausten. Storleiken har variert mellom 15 og 40 kg med tid og stad. I India var han offisielt sett lik 37,3 kg og delt i 40 ser. Eininga har truleg opphavet sitt i den greske talenten, som vart ført austover med Alexander den store.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Maund. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/maund.