Maurbad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartdrongo, Dicrurus macrocercus med kroppshaldning typisk for passivt maurbad.
Foto: J.M.Garg

Maurbad er ei åtferd der fuglar smør fjørene sine med væske som maurar skil ut. Væska inneheld kjemikaliar som maursyre, som kan fungere som insektmiddel, akarizider, soppdrepar, vere bakteriedrepande eller smørande, eller å gjere maurane etelege ved å fjerne usmakeleg syre. Eventuelt supplerer fuglen òg med eigen olje frå gumpkjertelen. Fuglane unngår stikkande artar og vel i staden artar som sprayar forsvarsvæsker.[1] I staden for maurar, kan fuglar òg bruke tusenbein. Over 250 fugleartar frå minst 30 ulike familiar er kjente for å ta maurbad, alle er sporvefuglar.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette ritualet har to former:

  • aktive maurbad
fuglen tar arbeidsmaurar i nebbet og stryker dei mot fjørene, og
  • passive maurbad
fuglen legg seg ned i på ein stad med maurar med oppblåst fjørdrakt slik at maurane kan krype opp mellom fjørene. Fuglar kan òg stryke maurar mot fjørdrakta under passivt maurbad.

Dei fleste av artane som tar maurbad brukar aktive maurbad og vil tilsynelatande aldri bruke den passive tilnærminga. Etter ein omgang maurbad, vil fuglen ofte halde fram fjørvedlikehaldet med aktivitetar som bading, smørjing med olje frå gumpkjertelen og vanleg fjørstell. Nyare studiar har vist maurbad er mest utbreidd under mytinga, når huda er irritert av fjørveksten. [1] Det kan likevel tilskrivast auka mauraktivitet om sommaren.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Åtferda vart først skildra på tysk som Einemsen i Ornithologische Monatsberichte XLIII. 138 i 1935 av Erwin Stresemann. Salim Ali tolka ein observasjon av fetteren Humayun Abdulali i 1936 volumet av Journal of Bombay Natural History Society med diskusjonen om Stresemann sin rapport og la framlegg om at omgrepet kan bli omsett til engelsk anting.[4]

Nokre fuglar har vorte observerte i å setje seg inn med jord frå maurtuer og dette har vorte sett på som tilsvarande maurbad.[5]

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Praksisen med maurbad har ikkje fått nokon god forklaring. Nokre ornitologar har trudd det er ei form for sjølvstimuli. Det har vore ymta om at maurbad fungerer som middel for å redusere fjørparasittar som midd eller i kontrollere sopp eller bakteriar, sjølv om det har vore lite overtydande støtte for somme av teoriane.[6][7] Det er mogleg at bruken av spesielle maurartar indikerer graden av nytta av kjemikaliane dei slepp, kjemikaliar som er kjente for å vere insekthemmande. Nokre tilfelle av maurbad omfatta bruk av tusenbein og møllarver, desse er òg kjente for å gje frå seg kraftige defensive kjemikaliar.[8]

Ein annan funksjon det har vore framlegg om, basert på observasjon av blåskrikje, er at fuglen gjer insekt etelege, ved utlading av syrene på fjørene sine. Fuglane vart funne å vise maurbadåtferd berre viss maurane hadde ein full syresekk, åtferda blei fråverande om syresekkane først blei fjerna eksperimentelt.[9]

I dag meiner dei fleste ornitologane at maurbad kan karakteriserast som ein type fjørvedlikehald.[1]

Maurbad er ei klårt medfødt åtferd, og den oppsiktsvekkjande likeins utføringa hos minst 30 sporvefuglfamiliar, både oscines og suboscines, inneber at ho har reell tyding for fuglen. Nokre individ har vorte observerte med tilsvarande åtferd med hjelp av sigarettsneipar, appelsinskrell og møllkuler tilsynelatande reagerer dei på den ramme lukta av desse objekta.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Encyclopædia Britannica
  2. Edvard Kaurin Barth og Arnold Åbro, Store norske leksikon: fjær. – zoologi, henta 2. mars 2011 
  3. Power, E. E and D. C. Hauser 1974. Relationship of anting and sunbathing to molting in wild birds. Auk 91:537-563. PDF Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine.
  4. Ali, Salim (1936) Do birds employ ants to rid themselves of ectoparasites? Journ. Bombay Nat. Hist. Soc., 38(3):628-631.
  5. Kelso, L. and Nice, Margaret M. 1963 A Russian contribution to anting and feather mites. The Wilson Bulletin 75(1):23-26 PDF Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine.
  6. Revis, H.C. and Waller, D.A. (2004) Bactericidal and Fungicidal Activity of ant chemicals on feather parasites: an evaluation of anting behavior as a Method of Self-medication in Songbirds. The Auk 121(4): 1262–1268
  7. Lunt, N, P.E.Hulley, A. J. F. K. Craig (2004) Active anting in captive Cape White-eyes Zosterops pallidus. Ibis 146:360–362
  8. Clunie, F. (1976) Jungle mynah “anting” with millipede. Notornis 23: 77
  9. Eisner, T. (2008) “Anting” in Blue Jays, evidence in support of a food-preparatory function. Chemoecology 18(4): 197–203

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]