Maurice Auslander
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maurice Auslander (3. august 1926–18. november 1994) var ein amerikansk matematikar og ein av dei viktigaste algebraikarane i vår tid.
Frå 1957 arbeidde han som professor ved Brandeis University i USA, men var òg knytta til Universitetet i Trondheim som professor II. Han var mykje i Noreg og gjennom eit aktivt samarbeid med miljøet her i landet kom han til å påverke ein heil generasjon norske algebraikarar. Auslander gav banebrytande bidrag til fleire sentrale felt innanfor algebra, særskild representasjonsteori for artinske algebraer og kommutativ ringteori. Fleire omgrep og resultat er kalla opp etter han.
Kjelder [endre]
- Maurice Auslander. (2012-01-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Maurice_Auslander