Maurice Denis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maurice Denis

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. november 1870
Granville
Død

13. november 1943 (72 år)
Paris, Hôpital Cochin

Yrke illustratør, litograf, skribent, kunstkritikar, designar, kunstmålar, grafikar, kunsthistorikar, kunstteoretiker
Språk fransk
Sjanger portrett
Medlem av Comité national de l'estampe, Académie des beaux-arts, Saint John Society for the development of Christian art
Far Constant Eugène Denis
Ektefelle Marthe Meurier, Elisabeth Graterolle
Born Noëlle Maurice-Denis Boulet, Anne-Marie Poncet-Denis, Bernadette Denis, Dominique Denis, Madeleine Denis, François Denis
Maurice Denis på Commons

Maurice Denis (25. november 187013. november 1943) var ein fransk, symbolistisk målar og grafikar, ein av skiparane av kunstnargruppa Les Nabis.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Odilon Redon: Maurice Denis, 1903

Denis var son til ein tenestemann ved dei franske jarnbanene. I 1871 flytta familien til Saint-Germain-en-Laye ved Paris, som vart heimstade til Denis resten av hans liv. Frå 1888 var han elev ved Académie Julian i Paris, der Paul Sérusier lærte han opp i målarstilen til Pont-Aven-skulen. Han stilte ut fyrste gongen i Paris-salongen i 1890, og fekk publisert ein artikkel om kunstteori i tidsskriftet Art et Critique. På same tid var han med å skipe kunstnargruppa «Les Nabis», saman med Pierre Bonnard, Paul Sérusier og Édouard Vuillard. I 1891 deltok han med eigne verk då Nabis-gruppa stilte ut fyrste gongen. Denis vert rekna som den viktigaste teoretikaren i gruppa.

Under sine Italia-reiser mellom 1890 og 1895 studerte han verk frå renessansen, særleg arbeid av Piero della Francesca. Denis tok oppdrag som dekorasjonsmålar av ei kyrkje i Les Vesinet, han arbeidde med tresnitt som galleristen Ambroise Vollard stilte ut 216 av i 1903, og han illustrerte eit diktverk av lyrikaren Paul Verlaine. Denis la ut på fleire reiser, mellom anna besøkte han Moskva i 1909, Algerie og Tunisia i 1921, Palestina og Hellas i 1924, samt USA og Canada i 1927.

Denis skapte bilete i enkle former, med mjuke linjer og flater i bleike fargar. Mellom hans arbeid tel akvarellar, lerretsmåleri og grafikk, samt bokillustrasjonar. Frå året 1919 søkte han fyrst og fremst å gjenopplive den religiøse kunsten, saman med Georges Desvallières grunna han «Verkstaden for kyrkjekunst». I 1920 laga han altarmosaikken i Basilika Abtei Saint-Maurice i kantonen Valais i Sveits. Mosaikkmotivet viser kroninga av helgenen Mauritius.

Denis døydde i 1943, etter å ha vorte påkøyrd av ein bil.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]