Mauritania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
الجمهورية الإسلامية الموريتان
(Al-Jumhuriyah al-Islamiyah al-Muritaniyah)
République Islamique de Mauritanie

(norsk: Mauritania, mauritansk)

Det mauritanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Nachid al-kitab»
Motto شرف إخاء عدل (arabisk), Honneur, Fraternité, Justice (fransk) (Ære, brorskap, rettferd)
Geografisk plassering av Mauritania
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Nouakchott
Styresett
Republikk
Mohamed Ould Abdel Aziz (leiar av militærjunta)
Moulaye Ould Mohamed Laghdaf
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 030 700 km² (28.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
3 359 185 (132.)
3,3 /km² (187.)
Sjølvstende
frå Frankrike
28. november 1960
Nasjonaldag 28. november
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
6 800 mill. USD (148.)
2 100 USD (156.)
Valuta Ouguiya
Tidssone UTC
Telefonkode +222
Toppnivådomene .mr


Mauritania er ein stat nordvest i Afrika. Det har kyst mot Atlanterhavet i vest og grense til Vest-Sahara (annektert av Marokko i nordvest, Algerie i nordaust, Mali i søraust og Senegal i sørvest. Hamnebyen Nouakchott er hovudstad og største by. Landet er kalla opp etter det gamle berbarriket Mauretania.

Kart over Mauritania

Klima[endre | endre wikiteksten]

Mauritania utgjer den vestlege delen av Sahara med ei kystlinje mot Atlanterhavet. Landet ligg mellom 15º og 27ºN, og har eit svært varmt og tørt klima det meste av året. Den sørlege halvdelen av landet kan få litt regn mellom juni og oktober når sørvestleg vind (den vest-afrikanske monsunen) fører fuktig luft inn frå Sør-Atlanteren. På denne tida av året er det meir skyer og lufta er forholdsvis fuktig. Resten av året kjem vinden stort sett frå nordaust, og fører med seg svært varm og av og til støvete og disig luft frå dei nordlege områda av Sahara. Denne vinden vert kalla harmattan.

Det nordlege området av landet er så godt som heilt tørt, men kan få ei regnbye og to når som helst på året. Ved kysten kjem regnet hovudsakleg frå juli til oktober, og Nouakchott som ligg her har ein årleg nedbørsnormal på 153 mm, der det aller meste kjem i august. Heilt sør i landet ligg den årlege normalen mellom 300 og 375 mm, men dette varierer frå år til år. Dette regnet er ikkje nok til å drive jordbruk sidan det kjem på den varmaste tida av året.

Store delar av året er klimaet ubehageleg på grunn av sterk varme og tørre forhold. Det er litt kjøligare på kysten, men her er det samtidig meir fukt.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mauritania
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.