Mauro Giuliani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mauro Giuliani
Mauro Giuliani.jpeg
Mauro Giuliani
Verkeleg namn Mauro Giuseppe Sergio Pantaleo Giuliani
Fødd 27. juli 1781, Bisceglie i Italia
Død 8. mai 1829 (47 år), Napoli i Italia
Instrument Gitar
Periode Klassisismen
Sjanger Kammermusikk
Yrke Komponist og gitarist

Mauro Giuseppe Sergio Pantaleo Giuliani (27. juli 17818. mai 1829) var ein italiensk gitarist og komponist og vert av mange rekna for å vere den fremste gitarvirtuosen tidleg på 1800-talet, og i lag med Fernando Sor var han ein av dei siste store klassiske utøvarane på instrumentet fram til gitaren igjen vart populær tidleg på 1900-talet.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han studerte kontrapunkt og cello, men på seksstrengsgitar var han heilt sjølvlært og det vart tidleg hovudinstrumentet hans. Det var mange flinke gitaristar i Italia på denne tida (Ferdinando Carulli er den mest kjende i dag), men få av dei klarte å leve av det sidan publikum helst ville ha operaer. Giuliani la derfor ut på ein suksessrik Europa-turne då han var 19 og i 1806 slo han seg ned i Wien, der han kom inn i eit musikkmiljø kring Anton Diabelli, Ignaz Moscheles og Johann Nepomuk Hummel. I 1808 hadde han premiere på sin Gitarkonsert i A-dur, Op. 30 og vart raskt hylla som den største levande gitarvirtuosen. Sjølv Beethoven la merke til han og skreiv eit par gitarstykke spesielt for han. Kanskje det var for å gje ei teneste tilbake, men i 1813 spelte Giuliani på premieren til Beethovens 7. symfoni.

Rundt 1814 vart Giuliani oppnemnd som virtuoso onorario di camera for den andre kona til Napoleon, keisarinne Marie-Louise. Men med stor gjeld reiste han attende til Italia i 1819. I 1823 reiste han til London, der han vart lovprist i den engelsktalande verda, noko som førte til at det kortvarige tilhengjarmagasinet The Giulianiad kom ut. Etter dette besøkt slo gitaristen seg ned i Napoli, der han var verna av hoffet i kongedømet Dei to Sicilia. Han vart dyktig på eit sjeldant instrument kalla lyre-gitar (som vart marknadsført hovudsakleg mot kvinnelege amatørar) og utbetra utforminga på «ghitarra di terza», eit instrument med eit kortare fingerbrett enn på ein vanleg «spansk» gitar.

Musikkverk[endre | endre wikiteksten]

Giuliani publiserte meir enn 200 verk. Av dei mest varige stykka hans finn ein mellom anna tre lyriske konsertar frå seint i klassisismen eller tidleg i romantikken, og for sologitar, Grand Overture, Op. 61 og ein serie på seks, stundom omstendelege, suitar, Le Rossiniane, basert på melodiar av Gioacchino Rossini. Som særskild hjelp for andre gitaristar, noterte Giuliani verka sine med G-nøkkel på ein nyskapande måte, der pausane og retninga på notehalsane skil melodien frå basslinja og dei indre stemmene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [http://allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=41:7364 Mauro Giuliani] på Allmusic av James Reel. Henta 25. juli 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]