Mauser HSc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mauser HSc er ein liten sjølvladepistol med blow-back-mekanisme laga i Tyskland frå 1937 til slutten av andre verdskrigen, så vidare i den franske okkupasjonssona og så på 1960-talet og 1970-talet igjen kommersielt av Mauser-fabrikkane. Han har kaliber .32 ACP (7,65 mm Browning).

Han har utvendig hane, double-action-avtrekkjar, magasin med ei enkelt rekkje patronar og fjør rundt løpet. Han konkurrerte med Walther PP og Sauer 38H, og vart liksom dei bruka både av politi og militære.

Dei første som vart produserte har vanlegvis brune treskjefte og hakekross-merking, medan dei som vart laga under fransk okkupasjon er merkte «RW». Dei seinare utgåvene har kommersielle Mauser-merke og er til vanleg heilsvarte, utan treverk.

Den moderne blow-back-pistolen HK 4 (Heckler & Koch modell 4) er ein oppfølgjar av Mauser HSc.

Kjelde: Engelskspråkleg wikipedia

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mauser HSc