Mawgan Porth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mawgan Porth

Mawgan Porth er ei strand og ein landsby på nordkysten av Cornwall mellom Porthcothan og Watergate Bay, i kommunen Mawgan-in-Pydar. Bukta ligg i enden av Lanherne-dalen og elva Menalhyl munnar ut her.

Landsbyen har ein pub, eit par hotell, gjestehus og ein campingplass. Stranda har gyllen sand, nokre sanddyner, høge klipper på begge sider og er ein populær turiststad.[1]

I åra 1949-1952, 1954 og 1974 vart det gjort utgravingar av ein busetnad får sein saksisk periode. Denne bestod av tre bygningsgrupper og ein gravstad frå åra 850-1050. Det vart gjort funn av keramikk og stein.[2]

Surfarar ved Mawgan Porth

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The top 20 beach holidays (in the World)». Sunday Times Online. http://travel.timesonline.co.uk/tol/life_and_style/travel/holiday_type/beach/article1292126.ece. 
  2. Bruce-Mitford, R. Mawgan Porth: A Settlement of the Late Saxon Period on the North Cornish Coast - Excavations 1949-52, 1954 and 1974. Gjeve ut av English Heritage. ISBN 978-1850746133

Koordinatar: 50°28′N 5°02′W