Max Adler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Max Adler (15. januar 187328. juni 1937) var ein austerriksk politikar og filosof. Adler var professor i filosofi og ein leiande personlegdom innan austromarxismen. Han var aktiv i det sosialdemokratiske partiet i Austerrike, SDAP, der han stod på venstre fløy. Han var blant dei som sterkast kritiserte det fleirtalet i parlamentsgruppa til det tyske sosialdemokratiske partiet som støtta krigføringa i første verdskrigen.

Adler sitt arbeid med filosofi gjekk på å prøve å sameine kantiansk medvitsanalyse med den marxistiske samfunnsteorien. Han stod her i motsetning til dei som meinte seg å vere ortodokse marxistar, som Karl Kautsky og Vladimir Lenin.

Han arbeidde au med marxistisk statsteori og tilhøvet mellom politisk og sosialt demokrati. Det sosiale demokratiet når ein først i det klasselause samfunnet, seier Adler. Anna demokrati er berre politisk, og derfor framleis ei form for klasseherredømme, eller klassediktatur. Adler var derfor heller ikkje redd for nemninga «proletariatets diktatur», sjølv om han tok avstand frå bolsjevikane sin misbruk av nemninga, medan ein annan leiande austromarxist, hans nære venn Otto Bauer, ikkje ville bruke uttrykket fordi det så lett blir misforstått. Bauer fekk fleirtal på kongressen i Linz i 1926, da bl.a. dette spørsmålet blei drøfta. SDAP sitt Linz-program frå 1926 er elles namngjete som eit klart uttrykk for austromarxistane sitt venstresosialistiske syn.