Max Bolkart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Bolkart


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 29. juli 1932 (91 år)
Oberstdorf
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1960, Vinter-OL 1956

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, fortjenstkors med bånd av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden

Max Bolkart (fødd 29. juli 1932) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Oberstdorf. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka i 1960, og vart nummer fire i det spesielle hopprennet under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bolkart vart nummer tre i hopprennet i Innsbruck på nyåret 1955, bak Torbjørn Ruste frå Noreg og Hemmo Silvennoinen frå Finland. Same plasseringa fekk han i same bakken nøyaktig eitt år seinare, då Koba Tsakadze frå Sovjetunionen vann føre Harry Glaß frå Aust-Tyskland. Seinare i 1956-sesongen vart Bolkart nummer fire i det olympiske hopprennet i Cortina d'Ampezzo. I 1957 vart han nummer tre i Innsbruck for tredje året på rad, han vart også nummer tre samanlagt i hoppveka, bak finnane Pentti Uotinen og Eino Kirjonen.

Under den tysk-austerrikske hoppveka 1959/60 vann Bolkart dei tre fyrste renna og sigra samanlagt med 878,0 poeng, mot austerrikaren Albin Plank sine 874,7 poeng. Hoppveka den sesongen var prega av få sterke utanlandske deltakarar, til dømes deltok ingen norske hopparar, medan Finland berre sende hopparar som ikkje var uaktuelle for den lange reisa til vinterolympiaden i Squaw Valley i California. Bolkart deltok i Squaw Valley og vart nummer seks i det spesielle hopprennet.

Bolkart kom på sjuandeplass i storbakken under verdsmeisterskapen på ski i Zakopane i 1962. Han vart så nummer to i Oberstdorf og nummer tre i Garmisch-Partenkirchen under hoppveka 1962/63, norske Toralf Engan var suveren vinnar i begge renna. Engan vart ein overlegen vinnar av hoppveka, medan Bolkart vart nummer tre, vel tre poeng bakom toaren Torbjørn Yggeseth frå Noreg.

Ved sidan av Helmut Recknagel og den norske verdsmeisteren i kombinert, Arne Larsen, var Bolkart ein av svært få som etter 1960 hoppa med armane strekt framover. På den tid var finnestilen den heilt dominerande, der skihopparane strekte seg aerodynamisk ut med samla, parallelle ski, og armane lagt bakover langs kroppen.

Bolkart vart vesttysk meister i åra 1956-58 og 1964. Han la opp i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]